Gå til hovedinnhold

Tilrår at det ikkje blir loddekvote i Barentshavet til neste år


Canon EOS 60D 2017 09 16  04 47 25  0013715

Det internasjonale havforskingsrådet tilrår at det ikkje opnast for loddefiske i Barentshavet til neste år. (Foto: Andrej Voronkov)

Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) meiner det ikkje bør opnast for loddefiske i Barentshavet til neste år. Havforskar Bjarte Bogstad understrekar at det ikkje er snakk om kollaps i bestanden denne gongen.

– Den norsk-russiske fiskerikommisjonen har vedtatt ein regel for korleis loddebestanden skal forvaltast, og undersøkingane våre viser at det ikkje bør fiskast lodde til neste år. Russland og Noreg har som mål at lodda først og fremst skal fylle ei viktig rolle i økosystemet i Barentshavet – å vere mat for andre. Dersom vi finn ut at det blir eit overskot av lodde etter at torsken og andre viktige artar har tatt sitt, kan det opnast for fiske, fortel Bogstad.

Ikkje kollaps

Under økosystemtoktet om hausten måler forskarane det som kallast «den modnande bestanden», det vil seie den vaksne delen av loddebestanden. Den dannar grunnlaget for det som skal bli gytebestand neste vår. Då må forskarane berekne kor mykje torsken og andre artar forsyner seg av lodda i løpet av vinteren. Under toktet i haust målte forskarane den modnande bestanden til å vere på litt over ein million tonn. Den nedre grensa for gytebestanden er på 200 000 tonn, og prognosen viser at det er for stor sjanse for at gytebestanden kjem under dette – sjølv utan fiske. Gytebestanden består stort sett av  tre og fire år gammal lodde.

– Loddebestanden er liten i år, men det er ikkje snakk om at den har kollapsa. Vi har opplevd fire kollapsar tidlegare, midt på 80-talet, midt på 90-talet, ein rundt 2005 og ein kortvarig for to-tre år sidan. Denne gongen ligg vi tett under grensa for å tilrå kvote, men ICES har altså funne ut at det likevel ikkje bør fiskast lodde i Barentshavet til neste år.

God dekning

Data frå økosystemtoktet i Barentshavet gjev forskarane den viktigaste informasjonen om loddebestanden. ICES skriv at det har vore god dekning «der ein ventar å finne modnande lodde».

– Det har vore tekniske problem med det russiske forskingsfartøyet «Vilnius». Dermed har dei ikkje dekt alt dei skulle under økosystemtoktet, men det stemmer at det tradisjonelle området for vaksen lodde er godt dekt. Rett nok har dekninga vore dårleg i den søraustlege delen av Barentshavet der ein nokre år finn ein del eittåringar, men det verkar ikkje inn på lodderådet, seier Bogstad.