Publisert: 05.11.2019 Oppdatert: 10.09.2020
Regjeringa har sendt på høyring eit forslag om å opne havområda Utsira Nord vest for Haugesund og Sandskallen–Sørøya Nord utanfor Hammerfest. I tillegg ber dei om innspel på området Sørlege Nordsjø II.
Dette er dei viktigaste punkta i høyringssvaret frå Havforskingsinstituttet (HI):
– Vi er positive til at ein kan produsere fornybar energi frå havet, men det er viktig å vite korleis slike anlegg påverkar det marine miljøet, slik at vi kan minimere eventuelle utilsikta konsekvensar, seier Geir Lasse Taranger, forskingsdirektør for akvakultur, miljø og teknologi ved HI.
– Vi veit ein del i dag, men treng meir kunnskap for å sikre berekraftig bruk av havet. Vi tilrår difor fleire effektstudiar og detaljert kartlegging av områda som blir føreslått opna, samt overvaking av miljøpåverknaden både før, under og etter ei eventuell utbygging, seier Taranger.