Gå til hovedinnhold

Tilrår lågare seikvote i Nordsjøen


Pollachius virens 27 08 2014 2

Stim av sei (Pollachius virens). Svakare rekruttering gjer at havforskarane tilrår at folk skal få fiske litt mindre sei i Nordsjøen neste år.

Fotograf: Erling Svensen

Det internasjonale rådet for havforsking (ICES) kom i dag med kvoteråd for 2021 for bestandane av botnfisk i Nordsjøen og områda rundt. 

Kvoterådet for sei er at det ikkje skal fiskast meir enn 65 867 tonn, som er ein nedgang på 25 prosent i høve til kvoterådet for 2020. 

– Det har vore forholdsvis svake årsklassar av sei dei siste åra, men det er likevel innanfor det ein må kunna kalla naturlege variasjonar. Rådet er på nivå med fangstane 2012–2016, seier forskar Bjarte Bogstad.

Liten oppgang for torsk

For torsk i Nordsjøen er rådet på inntil 14 755 tonn, som er 8 prosent høgare enn rådet for 2020, men likevel svært lågt historisk sett. 

– Kvota for 2020 var eit kraftig kutt frå året før. At det går litt opp neste år, er på vilkår av at fangsten faktisk blir redusert i tråd med kvota. Det er ikkje ei friskmelding av bestanden, seier Bogstad.

Meir hyse, mindre lysing

Torsk og sei er dei to viktigaste botnfiskbestandane i Nordsjøen for norske fiskarar. 

Vidare går kvoterådet for hyse opp med 66 prosent til 69 280 tonn, rådet for kvitting går opp med 19 prosent til 26 304 tonn, rådet for raudspette ned med 2 prosent til 162 607 tonn og rådet for lysing går ned med 6 prosent til 98 657 tonn. 

For desse fire bestandane utgjer norsk fiske ein liten del av totalfangsten.

Oppdaterte råd i november

– For alle desse bestandane er rådgivingsdokumenta frå ICES forkorta noko på grunn av koronasituasjonen. Fjorårets råd frå ICES, som har meir utfyllande informasjon, ligg som vedlegg til årets råd. I vår omsetjing av råda har vi tatt inn litt slik informasjon, seier Bjarte Bogstad, som er norsk representant i ICES sin rådgivande komité (ACOM).

Kvoteråda for Nordsjøen blir kvart år revurdert om hausten på grunnlag av oppdatert informasjon, slik at ein må rekne med at nokre av råda då kan bli endra. 

Dei oppdaterte råda blir offentleggjort 13. november.

Lenke til råda på ICES sine sider

Les også: Tilrår auka kvotar for både torsk, hyse, sei og snabeluer i Barentshavet