Gå til hovedinnhold

Såg du makrellstørje i 2019?


størje

HI-forskarane Keno Ferter og Martin Wiech hamna midt i ein stim jagande makrellstørjer i Øygarden.

Fotograf: Martin Wiech / Havforskningsinstituttet

I så fall vil vi vite det.

Hugsar du student Erling Boge som samla inn makrellstørjeobservasjonar til si masteroppgåve?

No er han ferdig med avhandlinga og har fått jobb hos oss på HI. (Sjå også: Student som vil bli havforsker?)

– Folk langs heile kysten bidrog med gode observasjonar. No ønsker HI å fortsette data-dugnaden, med observasjonar frå og med 2019, der avhandlinga mi sluttar, seier han.

Har du sett makrellstørje? Meld inn dine observasjonar via dette skjemaet!

Bestanden veks internasjonalt

Makrellstørja er no tilbake på fast sommarbeite i Norge, etter lang tid med fråvær som følge av internasjonalt overfiske og dårleg rekruttering.

Størjebestanden betra seg kraftig etter at forvaltninga i ICCAT tok tøffe grep for ti år sidan. Tilbakekomsten i norske farvatn heng saman med ein internasjonalt veksande bestand.

Sjå etter plasking og hopping

Under dei rette forholda er størjene enkle å få auge på. Dei jagar gjerne byttefisk i overflata og lagar stort leven med plasking og hopping. Det kan vere mykje sjøfugl i same område.

Enrico Wyrva fekk sjå dette showet utanfor Hitra i 2019. (Foto: privat / etter avtale)

– Frå 2012 har fleire og fleire makrellstørjeobservasjonar blitt registrert langs Norskekysten. Til og med ved Svalbard. Det er den nordlegaste registrerte observasjonen nokonsinne, seier Erling Boge.

Makrellstørja dukkar altså stadig opp nye plassar. Nærmast årleg tar ho seg inn i oppdrettsanlegg. I fjor blei ein fisk drepen då han fekk ein ROV i hovudet frå oljeriggen Transocean Encourage (sjå boks).

Vil ha både daud fisk i fjæra og sprell levande i horisonten

Vi ønsker alle typar observasjonar. Om du ser fisk frå land, fritidsbåt, fiskebåt, bilferga, ekkolodd, undervannskamera i fjæresteinane eller kva som helst. Har du bilde eller video, set vi ekstra pris på det.

Observasjonane hjelper havforskarane å kartlegge mengda fisk og utbreiinga deira i tid og rom.

HI er blant dei forskingsinstitusjonane internasjonalt som bidrar til mest data på den atlantiske makrellstørjebestanden. Det er også blitt lagt til grunn når Norge har fått tildelt eit stadig større kakestykke av den internasjonale kvota for arten.

Meld inn dine observasjonar via dette skjemaet!

Referanse

Boge, Erling. "The return of the Atlantic bluefin tuna to Norwegian waters." Master's thesis, The University of Bergen, 2019. URL: http://hdl.handle.net/1956/20051

makrellstorje_i_mexicogolfen.jpg

Dette veit vi om makrellstørjene som kjem til Norge

– Med pansra skalle, 200 kilos snittvekt og ein fart på opptil 70 kilometer i timen, pløyer makrellstørja på nytt langs Norskekysten.

Høyr vår ferske podcast om makrellstørjas tilbakekomst