Gå til hovedinnhold

HI sentral premissleverandør i havsak på NRK


Boreogadus saida SB 2009 4

Svært mange har lese NRK-saka «blålys for havet» i helga. Storparten av faktaboksar og lenker i saka viser til Havforskingsinstituttet. 

Den solide langlesinga «Blålys for havet» vart publisert på NRK laurdag, og har sidan vore lest og delt i stort mon. 

Den omfattande saka er eit resultat av langvarig jobbing og stort engasjement frå journalist Bjørn Asle Nord og fotograf Ronald Hole Fossåskaret i NRK sin klimaredaksjon, lokalisert i Bergen.

Men dei har fått hjelp – mellom anna frå fleire HI-tilsette. 

Ei rekkje dyktige HI-forskarar har bidratt med kunnskap, bakgrunnsinformasjon, bilete/video og ikkje minst kvalitetssikring av tekstane i dei ulike kapitla i «Blålys for havet». 

Hoffleverandør av kunnskap om havet

Berre i 2020 publiserte HI over 60 rapportar, meir enn 450 vitskaplege artiklar og vel 330 nyhetssaker på HI.no. I tillegg kjem høyringsuttalar og andre leveransar.

Til grunn for «Blålys i havet» ligg både nyare og eldre forsking frå instituttet. Havforskingsdirektør Sissel Rogne seier at ho er stolt over at Havforskingsinstituttet har ei så sentral rolle i den store havsaka.

– Med dette så etablerer HI seg som «hoffleverandør» av kunnskap om havet. Det er sjølvsagt stas – og det stadfestar at vi leverer relevant og viktig forsking som heile samfunnet har interesse for og nytte av. 

Sissel Rogne under lanseringen av «Dugnad for havet».
Stor stas og viktig stadfesting av HI som kunnskapsleverandør, meiner havforskingsdirektør Sissel Rogne. 

Dugnad for havet 

Men det aller viktigaste er jo at slike saker får ein effekt utover å bli lest der og då, seier Sissel Rogne. 

– Skal vi redda kloden, må vi begynna med havet. Derfor er eg veldig glad for at NRK lagar slike grundige saker – som viser kva som ligg til grunn for endringane og kva som må til for å ta vare på havet. Vi har alle eit ansvar her, og eg oppmodar alle til å bli med på dugnad for havet – både i direkte og overført tyding, avsluttar Sissel Rogne. 

Har du drøymt om å bli folkeforskar og bidra med kunnskap om kyst og hav? No kan du bli med på laget, gjennom Dugnad for havet.