Gå til hovedinnhold

Ny rapport: Forsvarleg å opne for begrensa taretråling ved Vikna


Stortare på havbunnen.

Tarevegetasjon under gjenoppbygging, to år etter prøvehausting. Til venstre i bildet står eldre tareplantar som overlevde passeringa til trålen.

Fotograf: Havforskingsinstituttet

Havforskarar har utvikla nye verktøy for å vurdere berekraftig hausting av stortare.

Vikna-området i Trøndelag har vore stengt for taretråling sidan 2015 av føre var-omsyn. Området har rik tareskog, og er oppvekstområde for kysttorsk.

Fiskeridirektoratet bad difor Havforskingsinstituttet (HI) om å vurdere om det er biologisk forsvarleg å opne for taretråling i dei delane av området som ikkje er verna etter anna lovverk. No har havforskarane lagt fram si vurdering i ein ny rapport.

– Vi vurderer ut frå kunnskapsgrunnlaget at området ved Vikna bør kunna opnast for avgrensa taretråling, seier forskar Kjell Magnus Norderhaug.

Føreslår forskingsbasert tilnærming

Konklusjonen byggjer på resultat frå mange års forsking på tareskogen og effektar av taretråling på økosystemet, både i Vikna og resten av landet.

Forskarane har også gitt råd om opplegg for vidare forsking og overvaking av miljøeffektar.

– Dersom det skal opnast, anbefaler vi at det blir gjennomført kontrollert forskingstråling saman med miljøovervakinga før det eventuelt blir opna for kommersiell tråling, understrekar Norderhaug.

– Dette vil kunna bekrefta eller avkrefta vurderingane våre og gi grunnlag for å bestemma omfang av uttaket i kvart trålfelt, legg han til.

Samlar det vi veit om tare og tråling

Havforskarane har frå før utvikla ein ressursmodell for stortare, som gir anslag over kor mykje tare det er i eit område ut frå fysiske og biologiske forhold.

Denne modellen har forskarane no tatt i bruk det aktuelle området i Vikna for å berekna ressursgrunnlaget. Dei har også sjekka resultata frå modellen mot observasjonar i området.

I tillegg har forskarane samla kunnskap om artsmangfaldet i tareskogen, kva som skjer med dette økosystemet når ein trålar, og kor raskt dei kjem tilbake igjen etter tråling.

Les også: Taretråling har begrenset effekt på fisk

Verktøy som kan brukast langs hele kysten

– Dette gir oss eit godt verktøy for å vurdere kor stor del av taren ein tar ut, kor store dei økologiske effektane er og kor lang tid det vil ta før økosystemet restaurerer seg. Det er dei tre viktigaste tinga ein må vite noko om for å kunne vurdere om trålinga er berekraftig, forklarer Kjell Magnus Norderhaug.

Det er eit viktig prinsipp i forvaltinga at uttak av ressursar skal vurderast ut frå den samla påverknaden på økoystemet.

I rapporten, som blei presentert under Blå skog-uka 2021, viser forskarane med rekneeksempel korleis slike vurderingar kan gjerast for hausting av stortare i eit aktuelt område.

– Vi var spurt om å sjå på Vikna spesifikt. Men verktøyet vi har utvikla, er meint å kunna brukast også i alle andre område i landet med tilpassa verdiar, seier Norderhaug.

Les også: Hvor mye tare finnes i Norge?

Referanse

Norderhaug, Kjell Magnus, Henning Steen et al. 2021. «Bærekraftig taretråling. Vurdering av bærekraftskriterier ved Vikna.» Rapport fra havforskningen 2021-46. Lenke: https://www.hi.no/hi/nettrapporter/rapport-fra-havforskningen-2021-46