Gå til hovedinnhold

Lodda – krumptappen som økosystemet dreier seg rundt


Loddestim.

Lodde i stim.

Fotograf: Maria Tenningen / HI

Først publisert i Forskersonen 28. august: Ved å studera lodda, forstår vi meir av korleis heile økosystemet er skrudd saman.

«Alle dyr er like, men nokre dyr er likare enn andre» heiter det i George Orwells «Animal farm». Og slik er det gjerne også i eit økosystem. Sjølv om eit økosystem er ufatteleg komplisert, er det gjerne nokre få artar som vi kan kalle nøkkelartar, som styrer mykje av det som skjer.

I Barentshavet ser vi på lodda som ein slik nøkkelart. Ved å studera den, forstår vi meir av korleis heile økosystemet er skrudd saman.

Lodda som ei vepsetalje

I økologien, læra om samspelet mellom levande organismar og miljøet dei lever i, deler vi gjerne økosystema inn etter kva slags organismar som hovudsakleg styrer det som skjer.

Nokre stader er det dei ørsmå algane som produserer mat når sola skin, som styrer mykje av det som skjer lenger oppe i næringskjedene. Slike system seier vi er styrte nedanfrå og opp. Andre stader er det rovdyra på toppen av næringskjeda som har styringa og til sjuande og sist bestemmer kor mykje algar som finst; systemet er styrt ovanfrå og ned. Men det er ein tredje type økosystem vi meiner at vi har i Barentshavet, der ein nøkkelart plassert midt mellom algane og rovdyra har hovudstyringa. Eit slikt system kallar vi vepsetaljestyrt.

Sjå for deg ein veps, som er tjukk i begge endar, men er snevra inn på midten, og der all utveksling frå den eine enden til den andre enden må gjennom denne tronge midtseksjonen. Og kven er det så som har hovudstyringa og som først og fremst utgjer vepsetalja i Barentshavet? Jo, det er lodda.

Konsekvensar oppover og nedover i systemet

Lodda er spesialist på å effektivt beita på det energirike dyreplanktonet som kvar vår utnyttar våroppblomstringa og eksploderer i mengd i Barentshavet. Energien frå planktonet blir soleis kanalisert opp (jf. vepsetalja) til organismar høgare i næringskjeda som torsk, sjøpattedyr og sjøfugl som beitar på lodda. På den måten er lodda styrande både for det som skjer nedover og oppover i næringskjeda.

Mengda av lodde kan variera både på grunn av variasjon i mengda av planktonet som lodda lever av, men endå meir på grunn av variasjon i beitinga frå ungsild på loddelarvar, samt beitinga frå torsk, sel og kval på større lodde. I tillegg kan lodda også variera i mengde på grunn av samspelet med andre artar som har omtrent same rolle i økosystemet, som eksempelvis polartorsken. Fordi lodda er ein så sentral aktør, så får variasjonen i mengde store konsekvensar både oppover og nedover i systemet. Nokon gonger går det å forvarsla at noko er på gong med loddebestanden, andre gonger ikkje.

Kval som snappar småfisk i vassoverflata.
Flokk med knølkval som jagar lodde ved Finnmarkskysten. Fotograf: Leif Nøttestad / HI

«Jo-jo-fisken»

Lodda har ord på seg for å vera ein trulaus krabat, som kan vera uhorveleg talrik i periodar, for så å forsvinna nesten heilt nokre år. Dette har dei som levde av det havet kunne gi visst i uminnelege tider. Petter Dass, som levde i siste halvdelen av 1600-talet, påpeika dette i sitt store epos «Nordlands Trompet». Lodda kunne fiskarane aldri stola på; ikkje då, og ikkje no.

Også dei siste femti åra, sidan vi byrja studera Barentshavet gjennom talrike årlege tokt, har vi opplevd tre-fire slike «loddekollaps» som ikkje berre har teke levebrødet frå loddefiskarane, men også har hatt store konsekvensar for resten av økosystemet. Medan slike svingingar i naturen var heilt uforståelege for dei som levde for nokre hundre år sidan, kan vi i dag forstå litt (men berre litt) meir av kva som skjer. Og alt vi har lært, har vi lært av å overvaka havet gjennom å observera så mykje som mulig av økosystemet gjennom årvisse tokt.

Økosystemtokt

Medan vi før studerte lodda på loddetokt og torsken på torsketokt og temperaturen på eigne hydrografitokt, byrja vi like etter siste årtusenskifte å studera alt vi kan på såkalla økosystemtokt.

Det årlege økosystemtoktet i Barentshavet vi gjennomfører saman med våre russiske kollegaer med til saman fire-fem forskingsfartøy kvar haust, har utvikla seg til å bli verdas mest omfattande toktserie. Ingen stad har ein maken til dette, og ingen stad har ein difor like godt oversyn over kva som rører seg i økosystemet som det vi har.

Dei lange tidsseriane vi har fått samla inn til dømes gjennom dei årlege loddeundersøkingane sidan 1970, og som framleis blir vidareført gjennom økotoktet, er ei skattkiste som vil gi nye generasjonar havforskarar noko å forska på i mange år frametter.

Person i kjeledress held eit trau fylt med lodde.
Loddefangst på økosystemtokt i Barentshavet. Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / HI

Der det er lodde, der er det liv

Det har lenge vore kjent at når lodda kjem til kysten for å gyta om våren, då samlast «alt som kan krypa og gå» for å beita på den næringsrike lodda og rogna ho gyter. Vårtorskefisket på Finnmarkskysten er tufta på dette loddeinnsiget, og i tidlegare tider vart også sel og kval fanga medan dei samla seg til loddefest på kysten. Men det er ikkje berre under gytinga ved kysten at lodda samlar mange rundt seg. Også i beiteområda, som hovudsakleg er i områda aust for Svalbard, syder det av liv på ettersommaren og hausten. Her samlast sjøpattedyr og fugl og fisk av ulikt slag, for der det er lodde, der er det liv.

Så rike er desse områda på liv, at både kystnære farvatn ved Finnmark og til dels beiteområda ved Svalbard har fått status som «særleg verdifulle område». I det nye forslaget for desse områda er tilrådinga at sommarbeitet til lodda aust for Svalbard blir heilt innlemma i dette særleg viktige og sårbare området.

Eit eventyr for fiskarane

Når ein kjem dit dei store loddemengdene beitar på dyreplankton i august–september, kan ein vera sikker på at det snart dukkar opp flokkar med knølkvalar og andre kvalar, flokkar med alkefugl, og stimar med torsk og andre rovfiskar – eit eventyr utan like. I periodar då loddebestanden var svært låg, svelt både sel og torsk. Særleg ille var det for rundt 25 år sidan. No har fleire andre fiskeslag hatt god oppgang i mange år. Sjølv om loddebestanden har vore relativt låg etter 2016 har rovdyra hatt eit betre utval av andre matkjelder, så dei svelt ikkje, men må nok jobbe meir for føda.

Lodda er eit eventyr for fiskarane også, og har vore ei god inntektskjelde. Men at ho er så lunefull og varierande er eit problem. Samfunn og fiskar ønsker stabilitet for å kunne sikre inntekt til seg sjølv og banken. Loddeeventyret kan bli meir spanande enn godt er.

Det er dette eventyret vi no enno ein gong skal ut og observera på vårt årlege økotokt. Og sjølv om mykje er som det alltid har vore, er det like sikkert at det dukkar opp nye overraskingar, noko uventa, som vi ikkje kunne slutta oss til med alle våre finurlege modellar.

Kan det snart fiskast lodde igjen?

Det har no vore lite lodde nokre år. I perioden 2016-21 er det berre i 2018 det har vore opna for eit loddefiske. Men vi såg mykje unglodde i fjor, og mykje loddeyngel både i fjor og i forfjor. Er lodda på veg attende? Kan det snart fiskast litt igjen? Det er mange som ønsker seg ei litt breiare vepsetalje. Då må denne arten, som er likare enn dei fleste artene i Barentshavet, ta seg opp att.

Om dette er i ferd med å skje, vil vi få svar på når dei fem fartøya som skal delta på årets økosystemtokt klappar til kai i byrjinga av oktober.