Gå til hovedinnhold

Har samla kunnskap om havbruk ved Norskehavet

Sjø med oppdrettsanlegg, fjell i bakgrunnen, snø og dunkelt lys.

Hvor mye oljesøl vil skreien bli utsatt for etter et større utslipp? Det har havforskerne søkt å finne svaret på. Her fra Steine i Lofoten. 

Fotograf: Liv Eva Kirkesæther / HI

Ny rapport frå ICES skisserer framtidsutsikter for oppdrettsnæringa langs kysten mellom Møre og Vesterålen.

Rapporten samlar fakta, statistikk og analysar for havbruket i «økoregion Norskehavet», som i praksis betyr dei tre fylka Møre og Romsdal, Trøndelag og Nordland.

– Norskehavet er eit viktig område for havbruksproduksjon i Noreg. Rundt halvparten av den nasjonale og ein firedel av den globale lakseproduksjonen kjem frå denne økoregionen, seier forskingssjef Terje Svåsand ved Havforskingsinstituttet (HI).

Første oversyn for havbruk

Svåsand leia arbeidet med å setje saman det faglege grunnlaget for akvakulturoversynet som blei lansert av Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) før jul. Oversynet er utarbeidd av rådgjevingskomiteen i ICES med bidrag frå fleire ulike ekspertgrupper.

Det er første gongen ICES legg fram eit slikt oversyn, inspirert av tilsvarande oversyn som har vore laga for fiskeri og økosystem i dei ulike hav- og kystområda i Nord-Atlanteren.

– Havbruksoversyna bidrar til kunnskap om havbruket i økoregionen og korleis oppdrett samhandlar med miljømessige, økonomiske og sosiale drivarar. Dette vil vera nyttig i det pågåande arbeidet med å få på plass heilskapleg og økosystembasert kystforvalting, seier Svåsand.

Utfordringar for berekraftig vekst

Det overordna perspektivet i rapporten handlar om moglegheiter og utfordringar for vidare utvikling i havbruket. Helse, velferd, miljøpåverknad og klimaendringar er nokre av temaa som blir omtalt, i tillegg til politiske rammer og sosioøkonomiske forhold.

Laks er ikkje overraskande den dominerande arten i havbruket ved norskehavskysten: Nesten 97 prosent av akvakulturproduksjonen i økoregionen er laks. Resten er i hovudsak regnbogeaure, ein annan laksefisk.

For desse artane er lakselus ei betydeleg hindring for vidare vekst i næringa.

– Berekraftig vekst i oppdrettsnæringa krev produksjonsmetodar som reduserer miljøbelastninga samtidig som fiskevelferda blir sikra. Dette kan blant anna bety diversifisering til organismar lenger nede i næringskjeda og andre fiskeartar enn laksefisk, seier Terje Svåsand.

Ny leiar for arbeidet med oppdrett

ICES har «alltid» jobba med havbruk, men i dag har organisasjonen større aktivitet på området enn nokon gong før. Framover skal det utarbeidast liknande akvakulturoversyn også for andre økoregionar i ICES-området.

Ved nyttår tok HI-forskar Ann-Lisbeth Agnalt over som leiar for styringsgruppa for akvakultur, som samlar trådane i dette arbeidet. Les intervjuet med Agnalt her: Vil hjelpa fram berekraftig matproduksjon

Les meir om havbruksoversynet og last ned rapporten hos ICES: ICES releases Aquaculture Overview

HTTP/1.0 200 OK Server: Zope/(2.13.22, python 2.7.18, linux2) ZServer/1.1 Date: Thu, 21 Nov 2024 11:28:11 GMT Access-Control-Allow-Headers: x-requested-with,content-type Charset: utf-8 Connection: close Access-Control-Allow-Credentials: True Access-Control-Allow-Origin: * Access-Control-Allow-Methods: GET, OPTIONS Content-Type: text/html Har samla kunnskap om havbruk ved Norskehavet | Havforskningsinstituttet Gå til hovedinnhold