Publisert: 28.03.2019 Oppdatert: 07.04.2021
Smolten blir vanlegvis sett ut i store merdar i sjøen på lokalitetar der det er god vassgjennomstrøyming og elles gunstige miljøforhold. I sjøen veks laksen frå 100 g til slaktevekt på rundt 3–6 kg i løpet av 12 til 18 månader, avhengig av bl.a. vasstemperatur og fôring.
For å oppretthalde god vekst, helse og velferd er det viktig at miljøforholda er optimale gjennom heile livssyklusen. Laksen treng mellom anna friskt og oksygenrikt vatn, og dei ulike livsstadia har ulike krav til bl.a. vasstemperatur, saltinnhald og lys. Ein ønskjer også å få laksen opp i slakteklar størrelse før den blir kjønnsmoden, då modninga har ei rekke negative konsekvensar for vekst, fôrutnytting, kvalitet, velferd og helse i matfiskanlegga.