Publisert: 14.10.2022 Oppdatert: 05.01.2024
Dei fingerstore fiskane laksesild og lysprikkfisk er døme på artar som lever i den mystiske «mesopelagiske» sona, i tussmørket på 200-1000 meters djup.
Forskarane veit at det finst store mengder organismar der, men anslaga svingar enormt frå 1 til rundt 20 gigatonn på verdsbasis.
Til samanlikning svarer 20 gigatonn til 60 millionar Boeing 747-fly.
Usikkerheita er eit av hindera som står i vegen for å utvikla eit berekraftig, mesopelagisk fiskeri.
– Ei av årsakene til usikkerheita er svømmeblæra til fiskane. Det er svømmeblæra som gir utslag på ekkolodda våre. Men for å vite kor mykje fisk ekkoloddet ser, må vi vite volumet og forma på svømmeblærene, forklarer havforskar Babak Khodabandeloo.
Ekkolodd er forskarane sin viktigaste reiskap når dei skal overvake fiskebestandar og anslå kor store dei er.
– Problemet med mesopelagisk fisk er todelt. For det første er fiskane vanskelege å fange. Dei er små og står spreidd og djupt, seier Khodabandeloo.
– For det andre er dei veldig skjøre. Når vi fangar dei og halar dei opp frå djupet, blir dei knuste og sprengde i trålen. Dermed kan vi ikkje studere svømmeblærene deira på noko godt vis, fortset han.
I ein ny studie har forskarane funne ein måte å løyse dette problemet på.
Dei laga ei rekke virtuelle svømmeblærer i forskjellig form og storleik på datamaskin. Deretter utsette dei svømmeblærene for forskjellig trykk og djupne, og skaut på dei med ekkolodd. Også dette virtuelt.
– Når vi samanliknar resultata med faktiske målingar vi har gjort i havet, kjem vi fram til ein forventa «ekkolodd-signatur» for fisk i ulik storleik, i ulike djup, seier Babak Khodabandeloo.
Studien som skildrar metoden og resultata er kvalitetssikra av internasjonale fagfeller og publisert i The Journal of the American Society of Acoustics. Studien pryda forsida av juni-utgåva av det viktige fagtidsskriftet.
Med den nye informasjonen kan forskarane få betre anslag av det dei ser på ekkoloddet. Kanskje dei også kan vinne over eit anna irritasjonsmoment: Kolonimaneter
Dei små nesledyra klumpar seg saman i ein koloni som kan minne om ein manet. Dei inneheld små gassbobler som gir utslag på ekkolodd.
– Vi veit ikkje kor mykje av det vi ser på ekkoloddet som er fisk og kor mykje som er kolonimaneter. Men vi kan bruke prinsippa og resultat frå den nye studien til å skilje mellom mellom dei, seier Khodabandeloo.
Samla sett er forskarane eitt steg nærmare gode anslag av mengda mesopelagiske fiskar.
Dette vil igjen kunne gi betre forståing av bestandane si betydning i naturen og potensialet deira som fiskeriressurs.
– Dette fyller eit hol i kunnskapen vår om den mesopelagiske sona – ein stor og viktig del av havet, avsluttar forskaren.
Khodabandeloo, Babak, Egil Ona, Geir Pedersen, Rolf Korneliussen, Webjørn Melle, and Thor Klevjer. "Mesopelagic fish gas bladder elongation, as estimated from wideband acoustic backscattering measurements." The Journal of the Acoustical Society of America 151, no. 6 (2022): 4073-4085. https://doi.org/10.1121/10.0011742