Gå til hovedinnhold

Vil «håpefull» fisk bli tiltrekt av vindturbinar?


Hywind Tampen flytende vindkraftanlegg, med Gullfaks-plattformen i bakgrunnen.

Illustrasjon: Hywind Tampen flytende vindkraftanlegg, med Gullfaks-plattformen i bakgrunnen. 

Fotograf: Equinor (alle rettigheter)

Havforskarane vil undersøkje korleis installasjonane vil påverke åtferda til pelagisk fisk. 

– Vi veit at flytande ting kan tiltrekke seg fisk, forklarar forskar Anne Christine Utne Palm ved Havforskingsinstituttet (HI). 

– Dei håpar nok på å finne gode skjulestader og mat. Strukturar i havet, som berg eller installasjonar, veks det ofte organismar på – som er mat for andre. Slike fysiske barrierar stoppar også gjerne havstraumane, dannar turbulens og bakevjer, kor plankton blir oppsamla.

Plankton er mat for småfisk, og småfisk er mat for større fisk. 

Det at fisk blir tiltrekt av ting som flyt i havet er noko menneske har vist lenge. Det kallast FAD, «fish aggregating devises» og blir brukt i sørlege strok for å trekkje til seg pelagisk fisk. Pelagisk fisk er fisk som hovudsakleg lever i ope hav, ikkje på botnen og langt nedi djupet – som sild og makrell. 

– Vi er nysgjerrige på om vindturbinane kan fungere som trekkplaster på same måten, seier HI-forskaren.

– Vil fisken stimle saman rundt installasjonane, eller vil dei skugge banen? 

Tokt: Skal gjera ei rekke undersøkingar 

Jakta på svar byrjar med eit tokt. 13. mars 2023 sett forskingsfartøyet G.O. Sars kursen mot området der Equinor byggjer ut Hywind Tampen-anlegget i Nordsjøen. 

Hywind Tampen skal bestå av 11 flytande vindturbinar, forankra til botnen med sugeanker. Det blir den andre flytande vindparken i Nordsjøen, etter Hywind Scotland (5 flytande turbinar), og den første i norsk sone.

 – Internasjonalt finst det noko forsking på botnfaste havvindmøller. Der ser ein at spesielt botnfisk gjerne samlar seg rundt fundamenta. Men det finst lite kunnskap om korleis flytande havvind påverkar pelagisk fisk, forklarar Palm. 

Om bord på forskingsfartøyet har dei med seg fleire undervassfarkostar, som ROV og dronen Munin. Desse skal ein mellom anna bruka til å kartleggje havbotnen.

I tillegg skal dei tråle med fotograferingssystemet Deep Vision, som kjenner att og tar mål av fiskeartane som passerer gjennom trålen. 

trål med en blå boks hengende etter, i sjøen
Fotograferingssystemet Deep Vision blir med på tokt. Foto: Kjartan Mæstad/HI 

Eigen plattform skal sjå, lytte og måle 

Men toktet er berre ein start. For på sikt – vonleg allereie i løpet av våren 2023 – skal forskarane få på plass ein «agent» som kan «rapportere» det som skjer over ein lengre tidsperiode. 

Observasjonsplattforma (agenten) består av ein modul med blant anna ekkolodd og hydrofon (undervassmikrofon). Den skal stå fast på havbotnen, og i tillegg ha ei større flytebøye utstyrt med kamera og ulike sensorar.

Slik vil forskarane få rykande ferske data om det meste; frå kor mykje lyd turbinane lagar, kor mykje stråling det kjem frå dei elektriske kablane, kor salt sjøen er, kor høg temperaturen er og til kva fisk og andre dyr som kjem forbi.