Publisert: 18.01.2023 Oppdatert: 20.01.2023
Gjennom prosjektet OLAMUR skal 25 partnarar frå europeisk forsking og industri gå saman om å dyrke tare og blåskjel i tre pilotanlegg i Europa: To eksisterande vindparkar til havs og eit oppdrettsanlegg for regnbogeaure. (Sjå faktaboks.)
Havforskingsinstituttet leiar prosjektet, som har oppstartsmøte i Bergen denne veka.
– Dette er eit prakteksempel på korleis vi må jobbe for å løyse problema vi står framfor, tverrfagleg, internasjonalt og løysingsretta, sa havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø i sin opningstale til partnarane.
OLAMUR er eit såkalla fyrtårn-prosjekt som skal vise konkrete, berekraftige løysingar i nye industriar. I dette tilfellet: Korleis slå saman produksjon av energi, berekraftig mat og kanskje samtidig gi tenester til naturen og økosystemet? Dei skal undersøke fleire aspekt, slik som:
EU var også representert på møtet og var klare på sine forventningar til prosjektet. Det skal vere eit middel for å nå deira uttalte mål om å restaurere havområda gjennom forsking, innovasjon og blå investeringar. EU ønsker løysingar for berekraftig vekst og reduserte utslepp.
Prosjektet kan også ha stor læringsverdi også for Norge. Vi har ein havvindindustri i startgropa og minkande plass til havbruk ved kysten. Interessekonfliktane melder seg også.
– Vi har vore velsigna med rikeleg med plass ved kysten og i havområda våre. Men den plassen krympar no raskt. Vi har ein historisk sjanse til å vere proaktive i korleis vi legg til rette for sameksistens, men også samspel mellom nye havnæringar, seier havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø.
Og så er det den tekniske biten om å drive lønsamt havbruk i ekstreme forhold til havs, som slett ikkje er trivielt, skal vi tru forskarane.
Dei ulike prosjektpartnarane er godt i gang med planlegginga.
I pilotanlegga i Danmark og Estland går truleg utstyr i vatnet allereie i år, og i Tyskland i 2024.