Gå til hovedinnhold

HI styr­kar in­ter­na­sjo­nalt topp­lag – skal fin­ne gen for lak­se­lus­re­sis­tens


Tre menn og ei kvinne står langs rekkverket på ei trapp utandørs. Dei smiler mot kameraet.

Dei sa­mar­bei­der om lak­se­lus­fors­king – frå venst­re: Die­go Robledo (University of Edin­burgh), Nick Ro­bin­son (No­fi­ma), Anna Wargelius (Hav­fors­kings­in­sti­tut­tet) og Erik Kjærner-Semb (Havforskningsinstituttet). 

Fotograf: Nofima

Havforskningsinstituttet blir med på det in­ter­nas­jo­na­le pro­sjek­tet CrispResist. Mål: Å løy­se stort lak­se­lus-mys­te­ri­um.

– Vi har dri­ve med tek­no­lo­g­ien – CRISPR-Cas9 – vel­dig len­ge. Men vi har ik­kje job­ba med lak­se­lus­re­sis­tens før. Det vert nytt for oss, og det er vel­dig spen­nan­de, sei­er fors­kings­sjef Anna Wargelius.

I ti år har HI brukt CRISPR-me­to­den i fors­kin­ga vår. No vert vi med på det in­ter­nas­jo­na­le fors­kings­pro­sjek­tet CrispResist sa­man med No­fi­ma.

Må­let er å opp­kla­re ein av lak­sens ge­ne­tis­ke løyn­do­mar: Kva gen er det som gjer at no­kre lakse­ar­tar er mot­stands­dyk­ti­ge mot lak­se­lus, me­dan vår at­lan­tis­ke laks ik­kje er det?

In­ter­na­sjo­nalt for­skar­lag

– Vi er gla­de for å få med oss ny genredigeringsekspertise inn i pro­sjek­tet. HI kjen­ner til de­lar av den­ne tek­no­lo­g­ien som vi ik­kje har brukt før, sei­er Nick Ro­bin­son.

Han er se­ni­or­fors­kar hjå No­fi­ma, og le­ier CrispResist. Ro­bin­son pei­kar på at for­skar­la­get er sett sa­man av part­na­rar med heilt for­skjel­lig eks­per­ti­se, som ut­fyl­ler kvar­an­dre godt.

Frå HI si side, skal to til tre fors­ka­rar vere in­vol­ver­te i pro­sjek­tet, ink­lu­dert ein postdoc som no skal til­set­jast.

HI har ik­kje sa­mar­beidd så my­kje med No­fi­ma på det­te fel­tet tid­le­ga­re, og Wargelius trur det vert spen­nan­de:

– Så langt har dei pro­du­sert vel­dig my­kje data. Vi skal ta ut no­kre gen som vi skal stu­de­re. No job­bar vi sa­man med No­fi­ma for å konk­re­ti­se­re kva gen vi skal gå vi­da­re med, for­tel ho.

Eit brett halvfult oransje rognkorn, og eit par hender held ei nål og er i ferd med å sprøyte stoff inn i eit av egga.
CRISPR-metoden krev ein del manuelt finarbeid. Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Puk­kel­laks un­der lupa

I pro­sjek­tet skal fors­ka­ra­ne fin­ne ut kva gen det er som gjer at stil­le­havs­lak­sen (òg kjend som puk­kel­laks) to­ler lak­se­lus, me­dan at­lan­ter­havs­lak­sen som vert brukt i norsk opp­drett, ik­kje gjer det.

– Om vi kan for­stå kvi­for den lak­sen er re­sis­tent og for­stå kva at­lan­ter­havs­lak­sen mang­lar, så er det mog­leg å til­fø­re det. Ik­kje ber­re ved hjelp av ge­ne­tikk, men også på an­dre må­tar. Kla­rar vi å for­stå litt meir, kan det ut­gje­re ein stor for­skjell, sei­er Wargelius.

I nes­te om­gang skal fors­ka­ra­ne sjå på mo­ge­leg­hei­ter og ri­si­ko og fin­ne ut om det er for­nuf­tig å bru­ke gen­re­di­ge­ring for å gje­re at­lan­tisk laks meir mot­stands­dyk­tig.

In­te­res­sant for meir enn ber­re lak­se­opp­drett

Wargelius trur ik­kje det er mog­leg å ut­vik­le heilt mot­stands­dyk­tig laks på den kor­te tida pro­sjek­tet har til rå­dig­heit. Det va­rar ber­re ut 2024.

– Men ber­re det å for­stå me­ka­nis­men kan jo gje­re at vi kan fin­ne uli­ke be­hand­lings­for­mer. Ik­kje ber­re gen­re­di­ge­ring, men også me­di­sin og fy­sis­ke be­hand­lings­me­to­dar. Om du for­står me­ka­nis­men bak, kan du gje­re så my­kje meir enn i dag, sei­er hav­fors­ka­ren.

Ho ser føre seg at fun­na som CrispResist-pro­sjek­tet gjer, vil vere in­te­res­san­te for meir enn ber­re lak­se­opp­drett:

– Blod­pa­ra­sit­tar fin­st i an­dre dyr, og også i men­nes­ke. Det å for­stå den­ne me­ka­nis­men er in­te­res­sant for an­dre ve­te­ri­nær­mil­jø og me­di­sins­ke mil­jø, av­slut­tar Wargelius.