Publisert: 22.11.2023
Den siste tida er det meldt auka førekomst av perlesnormanet langs norskekysten, særleg på Vestlandet.
Det er også kome meldingar om at oppdrettsfisk har blitt skada og måtte avlivast grunna maneten.
Det har skjedd mellom anna på Havforskingsinstituttet (HI) sitt eige anlegg i Austevoll kommune.
– I løpet av natt til måndag har perlesnormanetar komme inn mot anlegget, og vi såg at fisk var blitt skada etter nærkontakt med maneten, seier forskingsleiar Lars Helge Stien.
– Av omsyn til velferden til fisken vår har vi tatt beslutninga om å avlive den mest svekka fisken, for å unngå at denne lir.
Perlesnormaneten er ein koloni sett saman av mange mindre individ. Nokre av desse individa har sterk neslegift for å beskytte kolonien og skaffe mat.
Maneten kan verte opptil 30 meter lang, men vert delt opp i mindre bitar av både bølgjer, turbulens og fysiske barrierar – som merdar. Innan han når norskekysten, kan han difor vere i mange små delar.
– Det er fremst desse små bitane som kan verte problematiske. Om individ med nesleceller kjem inn i ein merd og treffer fisk, kan han få sår og skadar på gjellen og brannskadar i skinnet, seier Stien.
Ein har kjennskap til to tidlegare episodar med at denne maneten har ført til auka dødelegheit i oppdrettsanlegg. Det er framleis store kunnskapshol om perlesnormaneten og konsekvensane for oppdrettsfisk.
Difor nyttar no havforskarane den triste hendinga ved forskingsstasjonen til å skaffe meir kunnskap.
– No tar vi prøver av gjellene til laksen, for å sjå korleis skadane har arta seg, og om respirasjonen til fisken har blitt påverka. Vi tek også prøver av augo, for å sjå om synet har blitt skada, og av skinnet, for å sjå omfanget av brannskadar.
– Dei siste åra har talet på meldingar om denne maneten auka og i år har vi fått over tusen observasjonar inn til oss. Vi er redde for at dette kan vere eit problem som kan verte meir hyppig framover, så då må vi tileigne oss kunnskap på korleis det påverkar fisken og på sikt korleis vi eventuelt kan finne avbøtande tiltak.