Gå til hovedinnhold

Tema: Perlesnormanet

Perlesnormanet (Apolemia uvaria) er ein kolonimanet med sterk neslegift. Han er ein atlantisk art, som òg lever i Stillehavet og Middelhavet. Dei siste åra har det vore ein auke i førekomsten langs norskekysten.

Perlesnormaneten er ein kolonimanet sett saman av ei rekkje forskjellige individ (zooid) i ei lang kjede. Han kan verte opptil 30 meter lang, og er nokre centimeter tjukk.

Dei ulike individa har spesielle funksjonar: dei fremste er svømmeklokker, som til en viss grad står for eigenbevegelse; nokre individ står for reproduksjon; og andre igjen skaffar mat. 

Som brennmaneten, har perlesnormaneten nesleceller. Neslecellene inneheld ei gift som lammar eller drep byttedyr. Perlesnormaneten brukar denne neslegifta både til å skaffe seg mat og til å forsvare kolonien. 

Perlesnormaneten vert ikkje rekna som farleg for menneske, sjølv om det vil svi å verte brent av han, men maneten kan vere skadeleg for fisk. 

Utbreiing

Perlesnormaneten er pelagisk, og driv med havstraumane. Han er utbreidd i Middelhavet, Stillehavet og Atlanterhavet.

Han vart først identifisert i norske farvatn i 1997. Truleg er det atlantiske vassmasser som har ført han til norskekysten. 

I 2021, 2022 og 2023 har det vore ein auke i perlesnormanet-førekomst langs kysten. Då har observasjonane starta i slutten av oktober, før dei har teke seg kraftig opp utover i november. I januar har observasjonane dabba av att. 

Tett ansamling av perlesnormanet ved en kai i Stavanger
Denne observasjonen vart registrert hos Dugnad for havet 15. november 2023, og viser korleis perlesnormanet hopa seg opp langs kaia i Vågen i Stavanger. Foto: Dugnad for havet

Mogelege konsekvensar for fiskevelferd

To gongar tidlegare har perlesnormaneten ført til auka dødelegheit i oppdrettsanlegg.

I 1997 døydde i alt 10-12 tonn laks på to anlegg ytst i Øygarden og Fedje, medan eit ukjent tal tonn vart naudslakta. I 2001 var det 600 tonn fisk som døydde, derav 400 tonn i Trøndelag. 

Ved anlegget i Fedje dreiv store mengdar perlesnormanet inn mot merdane, og gjekk i oppløysing då dei trefte notveggen. Dei mindre manetane gjekk gjennom maskene. 

Erfaringane frå 1997 synte at effektane på fisken varierte frå redusert appetitt og endra åtferd til død. Laksen som døydde hadde fått manetane i gjellene.

Fisken som kom i kontakt med perlesnormanet fekk brannskadar på skinnet med auka fare for infeksjonar. Det oppstod òg augeskadar hos fisken, noko som kan øydelegge synet. 

Perlesnormaneten har til no vorte mest observert i november – januar. Kalde vintertemperaturar påverkar fisken og gjev redusert immunforsvar. Om ein fisk får sår i denne perioden, kan det gjeve inngang for bakteriar og føre til dødelegheit utover vinteren. 

Om maneten fører til at det oppstår stress og panikk i populasjonen, kan fisken få ytterlegare fysiske skadar dersom han sym i notveggen eller fiskane kolliderer med kvarandre.