Publisert: 08.04.2024
Oppdrettsnæringa er venta å vekse i åra som kjem, og då særleg i Nord-Noreg. Nordafor er det store areal, og mindre problem med lakselus enn på Vestlandet.
– For å sikre berekraft langs kysten, må miljøbelastninga frå oppdrett minimerast, og vi treng solide kunnskapar om korleis akvakultur kan påverke dei ville fiskebestandane langs kysten, seier havforskar Thomas Bøhn.
For i tillegg til urørt natur, har Nord-Noreg også ein av verdas rikaste fiskeriressursar i skreien og relativt gode bestandar av lokal kysttorsk.
No har havforskarane granska korleis desse kan verte påverka av lakseoppdrett.
I ein nypublisert artikkel i tidsskriftet Reviews in Aquaculture identifiserer og diskuterer havforskarane dei sju antatt viktigaste kjeldene til risiko for torsken.
– Desse kan potensielt føre til endringar både i åtferda, i fysiologien og i overlevinga til torsken, forklarar Bøhn.
Dei sju risikokjeldene er:
Havforskaren trekker fram spillfôr som ei særleg viktig risikokjelde å undersøke vidare:
– Store mengder spillfôr, truleg 60.000 – 100.000 tonn per år, kan føre til at villfisk samlar seg rundt oppdrettsanlegga, noko som kan endre samhandlingane og heilskapen i økosystemet, seier Bøhn og utdjupar:
– For torsken kan åtferda knytt til beiting, gyting og vandring verte endra, og feittsyresamansetninga frå plantar kan føre til dødelegheit for sårbare livsstadium. Samling av svært mange individ rundt anlegga gjev òg høgare risiko for sjukdomssmitte.
Thomas Bøhn påpeikar at klimaendringane – som i våre farvatn vil slå hardast inn lengst nord – kjem på toppen av desse risikokjeldene. Dette vil auke den samla belastinga på torsken.
– På den måten er nok torsken som oss menneske – ofte klarar vi stresset frå éin faktor, men det vert vanskelegare med fleire. Om vi får sjukdom og skilsmisse samstundes, går vi i kjellaren.
Havforskaren viser til at desse sju antatte risikokjeldene til saman dannar eit godt utgangspunkt for å avgrense eller hindre negative effektar på torskebestandane våre:
– Ved å analysere problemet, kan vi òg finne løysingar, seier Bøhn.