Gå til hovedinnhold

Korleis står det til med fjordane våre?


Grønt vann i fjorden i bakgrunnen, fjell med bebyggelse i en vik i bakgrunnen.

Fjordane våre står på agendaen i Rosendal ved Hardangerfjorden.

Fotograf: Stine Hommedal / Havforskningsinstituttet

Vi dukkar under overflata i den femte utgåva av Rosendalsveko.

Klima, risiko og beredskap er det overordna temaet når forvaltarar, forskarar, politikarar, næringsliv og samfunnsliv møtest på kaia i Rosendal.

– Klimaendringane er den største menneskeskapte påverknaden på marine økosystem, men det er ikkje den einaste – og det er summen av alt som betyr noko, sa havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø i sitt velkomstinnlegg.

Status for fjorden og sjømaten

Tysdag står fjordstatus og framtidas turisme på plakaten.

Er sjømaten i fjordane våre trygg å ete? Korleis står det til med Hardangerfjorden? Kva løysingar finst?

Sendinga kan du følgje her:

Her kan du sjå opptak av alle dei sju sesjonane.

Turisme i Hardanger

Havforskarane Mari Myksvoll og Sylvia Frantzen gjev eit innblikk i kva forskinga seier, og møter så miljødirektør Kjell Kvingedal frå Statsforvaltaren i Vestland og Sondre Eide frå Eide havbruk til ei panelsamtale.
 
I årets siste sesjon, om framtidas turisme i Hardangerregionen, løfter Peter Haugan blikket over overflata igjen og spør: Verdset turistane Hardangerfjorden på rett måte?