Publisert: 11.12.2024 Oppdatert: 12.12.2024
– Nokre av desse områda har aldri vorte undersøkte før, seier toktleiar Frithjof Moy.
Denne veka dukkar Moy og kollegane under overflata i Ytre Oslofjorden, nærare bestemt i Ytre Hvaler nasjonalpark.
Der skal dei kartlegge korallane som lever i fjorden og undersøke spora av menneskeleg aktivitet på botnen.
Ein av lokasjonane dei tek føre seg er Tislerrevet. Det er eit av Noregs største kystnære korallrev. Revet er truleg 1200 meter langt og 200 meter breitt, og sett saman av fleire koralltoppar.
Kaldtvasskorallrevet vart oppdaga i 2002, og først 20 år seinare kartla Havforskingsinstituttet revet for første gong.
No besøker vi det igjen – og vi strøymer kartlegginga direkte.
Sjå opptaket her:
Som korallrev flest, består Tislerrevet av både levande og daude korallar. Nye korallar veks vidare på ryggen av gamle korallskjelett.
Slik vert korallrev bygde opp gjennom tusenvis av år.
– Dette er første gong det vert utført ein helsesjekk på korallrevet, seier havforskar Tina Kutti, som er ansvarleg for legetimen til Tisler-korallane.
Ein helsesjekk for korallar har fleire steg. Først skal havforskarane vurdere tilstanden til korallrevet visuelt.
Medan undervassfarkosten (ROV) med kamera filmar løyper på havbotnen, sit Kutti og kollegaane om bord på forskingsfartøyet «G.O. Sars» og studerer sendinga: Ser korallane friske ut?
– Tislerrevet er eit Lophelia-rev, som er bygd av steinkorallen som heiter «augekorall». Frå synet åleine, er det betre å studere blautkorallane som ofte veks mellom steinkorallane. Det er enklare å sjå nekrose og berre skjelettet hos desse, forklarar havforskaren.
Men ho nøyer seg ikkje med ei overflatevurdering.
Nasjonalparken har gjeve Kutti løyve til å samle inn små fragment av levande korallar. Desse skal ROV-ane forsiktig plukke frå korallrevet, og ta med seg opp att på dekk.
Her vert dei sette i inkubasjonskammer, ei lita «korallkuvøse».
– Vi skal ta pulsen på korallane. Vi skal måle kor mykje oksygen dei tek opp, og kor mykje avfallsprodukt dei produserer, forklarar Kutti.
Seinare, tilbake på fastlandet, skal korallane også verte undersøkt i laboratoriet.
Til saman skal desse analysane gje eit samlebilete på helsa til korallrevet.
Det andre hovudføremålet med toktet er å undersøke det menneskelege fotavtrykket på botnen.
Då Tislerrevet først vart oppdaga i 2002, vart det også oppdaga at det bar skadar. To år seinare vart det innført trålforbod for å verne korallane.
Dette vernet vart styrka då Ytre Hvaler nasjonalpark vart oppretta i 2009, med ei eiga trålfri sone rundt Søsterøyene, der det òg er funne korallar.
– Då HI kartla området i 2022 såg vi ikkje trålspor eller andre store menneskelege fotavtrykk i det beskytta området av Tislerrevet, seier Frithjof Moy. – No kartlegg vi òg det store verneområdet rundt Søsterøyene.
Men kva med områda utanfor dei trålfrie sonene?
Fiskeridata syner kor hardt ulike deler av Ytre Oslofjord utan forbod vert tråla frå år til år. Dette er viktige område for rekefisket i fjorden.
– Vi kartlegg både innanfor og utanfor desse trålfrie sonene, og eit av spørsmåla er om vi kan sjå effektar av trålforbodet, seier havforskaren.
For å få eit så nøyaktig bilete som råd, tek forskarane i bruk ein høgteknologisk armada på toktet.
– Vi kartlegg med dei mest moderne metodane – både på overflata og under, seier Moy og forklarar:
– Vi har ein sjølvgåande undervassfarkost som målar opp botnen med foto og akustiske instrument, i tillegg til at vi testar ein sjølvkøyrande overflatefarkost som måler opp havbotnen på jakt etter korallar. Sist, men ikkje minst, sender ein ROV opp video frå djupet.