Gå til hovedinnhold

– Kystvatnet blir lettare og utskiftinga i fjordane skjer sjeldnare


to bilder satt sammen, en kvinne i kåpe ser i kamera, et fjordlandskap med høye fjell og lett tåke

Havforskar Ingrid A. Johnsen og kollegaene har funne ut at djupvatnet i fjordane våre blir skifta ut sjeldnare enn før. Det heng saman med klimaendringane.

Fotograf: Christine Fagerbakke/HI

Redusert utskifting av vatnet i terskelfjordane aukar risikoen for dårlegare miljøforhold. 

Mindre utskifting av vatn har blitt observert i fleire fjordar dei siste åra, til dømes i Masfjorden i Vestland. 
 
– Vi finn at dette ikkje er enkelttilfelle, men at det nok gjeld mange av fjordane våre, seier forskar Ingrid Askeland Johnsen ved Havforskingsinstituttet (HI).  

Djupvatnet blir sjeldnare skifta ut i 65 av 101 undersøkte fjordar langs norskekysten, skriv forskarane i ein fersk vitskapeleg artikkel. 

Klimaendringane har gjort kystvatnet annleis 

Havforskarane har gått igjennom årevis med hydrografiske målingar langs kysten, for å finna ut korleis kystvatnet har endra seg, og simulert effektane av dette i ein datamodell. 

Dei fann ut at kystvatnet ikkje er som før. Sidan 1990 har det endra seg markant. 

 – Historiske data viser at temperaturen har auka, samtidig som vatnet har blitt mindre salt. Det har gjort at kystvatnet i dag er varmare og lettare enn før, seier Johnsen. 

– Dette er eit resultat av klimaendringane som gjer seg gjeldande langs kysten vår.

Eit varmare, lettare kystvatn fører til «følgjefeil», det påverkar kor ofte djupvatnet inne i fjordane blir skifta ut. 

Kystvatnet kjem seg ikkje over terskelen 

Dei fleste fjordane våre er terskelfjordar; dei er grunne ved opninga ut mot havet, med djupare vatn innanfor denne terskelen. 

For at djupvatnet inne i fjorden skal bli skifta ut, må det vera tilstrekkeleg tungt vatn ved kysten som blir «løfta» over terskelen med hjelp av vinden. 
 
– Når det då ikkje finst tungt nok vatn på terskelen, blir vatnet inne i fjorden sjeldnare bytta ut.  

Risiko for dårlegare miljø i fjordane 

Betyr sjeldnare skifte av vatn i fjorden noko? Ja, det kan få fleire konsekvensar for miljøet i fjorden, som jo er heim til både fisk og anna marine dyr og planter. Eit døme er mogleg oksygentrøbbel.  

Terskelfjordar får nemleg tilført oksygen gjennom den periodevise utskiftinga av vatnet. Mellom utskiftingane bruker fiskar, plankton og bakteriar oksygenet som vart tilført.

– Når det går lengre tid mellom tilførselen av oksygenrikt vatn, kan oksygennivået bli lågare enn før.

Fjordane med oppdrettsaktivitet får tilført organisk materiale og næringssalt, for eksempel i form av skit og fôrrestar frå oppdrettsanlegg.

Dette aukar oksygenforbruket i fjordbassenget ytterlegare, og aukar risiko for at oksygenet i fjorden blir brukt opp. 

Terskelfjordar med sjeldan vassutskifting har difor lågare bereevne for havbruk.

Referanse 

Ingrid A. Johnsen, Harald Loeng, Mari S. Myksvoll. Coastal alterations influence deep water renewal in Norwegian sill fjords. Estuarine, Coastal and Shelf Science 2024.