Publisert: 18.01.2024 Oppdatert: 24.01.2024
På botnen i både hav og fjordstrøk lurar eit ganske perfekt rovdyr: Lysingen.
Kjeften er fullspekka med sylkvasse tenner, og blikket alltid vendt oppover.
Lysingen vandrar opp og ned i vannsøyla – er ikkje kresen og glefsar i seg dei fleste uheldige skapningar som måtte svømme forbi. Som reker, makrell, sild, augepål, vassild og til ein viss grad også sine eigne.
Då skulle du også tru at denne toppredatoren kunne ha anlegg for å samle opp miljøgifter frå eit langt liv med eit mangfald av storvokste offer.
Slik er det ikkje, skal vi tru undersøkingar av filetane til 788 lysingar frå norske hav og fjordstrøk.
Sjå kartet over kor prøvane stammer frå i faktaboksen.
– Studien vår viser at trass for at lysingen er ein langlevd toppredator, er framandstoffnivåa i fileten generelt låge, seier HI-forskar Michael Bank.
Lysing er kalla ein klimavinnar i Nordsjøen, og fiskeriet er i vekst. Det er også aukande interesse for målretta fritidsfiske etter arten langs kysten. Det er noko av bakgrunnen for analysane, gjort på vegner av Mattilsynet.
Les også:
Forskarane analyserte fiskekjøtet for kvikksølv, kadmium, bly, dioksin, dioksinliknande PCB, bromerte flammehemmarar, sprøytemiddel, og fluor (PFAS).
– Nivåa var for det aller meste godt under europeiske og norske matmyndigheiter sine grensenivå, også i dei aller største fiskane, seier Bank.
Eit par unntak var overskridingar av kvikksølv og PCB i fiskar fanga nær Kollevågen på Askøy.
Kanskje ikkje så rart, for der blei det meste avfallet frå innbyggarane i bergensområdet dumpa i sjøen frå 1929 til utpå 70-talet.
Forskarane anbefalar at kollegaar på HI følger opp denne "hotspoten" i overvaking av framandstoff i annan sjømat. Det har dei også gjort, som vi kan lese om i denne saka: Nye målingar av framandstoff i sjømat frå fjordar og hamner
Sjå også dei eksisterande råda til Mattilsynet mot å ete sjømat frå visse område i landet.
I alle fall kan du truleg ete lysingfilet frå norske hav- og kystområde med god samvit – med mindre du bur nær ein av våre store, gamle synder, som bossfyllinga i Kollevågen.
Les dei tekniske resultata i den vitskaplege rapporten: