Publisert: 15.05.2024
Skrei, kysttorsk, nordsjøtorsk, fjordtorsk. Nei, det er ikkje så enkelt som at ein torsk er ein torsk. Det er fleire variantar.
Og ikkje nok med det; i fjordar og viker langs norskekysten finst det også bestandar som er tilpassa det lokale miljøet.
– Alle artar tilpassar seg miljøet dei er i, seier forskar Kjell Magnus Norderhaug ved Havforskingsinstituttet (HI).
– I område som ligg litt for seg sjølv, som inne i fjordane våre, kan bestandane leve ganske isolert frå kvarandre, og i litt ulike miljø. Når dei så tilpassar seg sitt lokale miljø, blir dei faktisk litt forskjellige, forklarar han.
Det finst altså eigne bestandar som skil seg litt frå artsfrendane sine, inne i fjordarmar, våger og bukter. Det store mangfaldet er ei gåve – og ei forsikring.
– Klimaendringane endrar havmiljøet, og det raskt. Klimaet endrar seg ofte raskare enn kva artane klarar å tilpassa seg, forklarar Norderhaug.
– Det interne mangfaldet i ein art kan vera kritisk for om arten evnar å tilpassa seg til eit miljø i endring.
– Om vi klarar å ta vare på mangfaldet innanfor enkeltartane, så aukar vi sjansen for at arten vil klare å «henge med» på utviklinga og overleve vidare, sidan dei ulike variantane kan tole ulikt. Vi spreier risikoen.
Den Internasjonale naturvernunionen (IUCN) står bak Raudlista. Det er ei liste over artar og økosystem som er truga eller i fare for å bli utrydda.
Den norske raudlista er bygd på retningslinene til IUCN.
Havforskarar frå Noreg, Canada og Australia har no sett nærare på kriteria for Raudlista.
– Vi meiner det er uheldig at ein overser genetisk variasjon innanfor artane i dette viktige arbeidet, seier Norderhaug.
– Den genetiske “miksen” i ein bestand påverkar kor tilpassingsdyktig arten er. Utan kunnskap om dette, så kan ein ikkje vurdere om arten vil evne å tilpassa seg ein auka belastning, som til dømes frå klimaendringar.
– Det betyr at viktig biologisk mangfald kan gå tapt, utan at vi veit det.