Havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø opna IMDIS-konferansen. Her med digitaldirektør Linn Cecilie Moholt og Helge Sagen, som leier Norsk Marint Datasenter.
Fotograf: Bente Kjøllesdal / HavforskingsinstituttetHelge Sagen har leia komiteen som har organisert årets IMDIS-konferanse og har i tillegg vore med i styregruppa. Her i samtale med havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø.
Fotograf: Bente Kjøllesdal / HavforskingsinstituttetDet er ikkje berre frå scena ein får det nyaste frå havdata-fronten. I pausane kan deltakarane også lese seg opp på siste nytt med ein kaffikopp i handa.
Fotograf: Bente Kjøllesdal / HavforskingsinstituttetHIs digitaldirektør Linn Cecilie Moholt og havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø.
Fotograf: Bente Kjøllesdal / HavforskingsinstituttetPublisert: 27.05.2024 Oppdatert: 29.05.2024
Sanntidsdata, metadata, dataløyper, Open Access, brukargrensesnitt og FAIR-prinsippa.
Om du er i Bergen denne veka, er sjansen høg for at slike fagtermar flagrar forbi øyro dine.
Måndag startar nemleg IMDIS-konferansen, som Havforskingsinstituttet er vertskap for.
Det er ein av verdas aller største marine dataforvaltingskonferansar – og «the place to be» om ein interesserer seg for hav, data og havdata.
– Havet spelar ei nøkkelrolle både for klima, for matsikkerheit og for dei tallause artane som har havet som sin heim. Difor er det også heilt avgjerande at vi forstår og varetek våre marine miljø – vi har ikkje noko anna val, seier havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø og held fram:
– I hjarta av dette er data – nøyaktige, omfattande og tilgjengelege data.
Tre dagar til endes møtest utviklarar, teknologar, forskarar og forvaltarar frå heile verda for å diskutere havdata og korleis vi kan skaffe, bearbeide, lagre og forvalte denne på best mogeleg vis.
Innovasjonar, kunnskapar og erfaringar vert delte over ein låg sko mellom dei kring 170 deltakarane som er til stades fysisk.
Havforskinga sin digitaldirektør Linn Cecilie Moholt peikar på at datadriven vitskap og god dataforvalting er kjernen i konferansen, men òg i framtidas havforsking:
– God dataforvaltning er brua mellom havforsking og ei berekraftig framtid.
Også i vår overordna strategi, understreker HI at vi skal drive forsking og overvaking for framtidas behov og auke innovasjonstakta vår.
Dette betyr at vi skal ta i bruk og utvikle ny teknologi og at vi vil gjere dataa våre tilgjengelege for alle – overalt.
– Havet rommar løysingane for mange av utfordringane vi står overfor. Men, for å sikre at vi kan utnytte havets ressursar utan å skade marine økosystem, treng vi djuptgåande innsikt, seier Moholt.