Gå til hovedinnhold

Tilrår auka pigghå-kvote


Squalus acanthias 1 7 2014 20

Pigghå (Squalus acanthias) er utbreidd over heile verda. Den nordaustatlantiske bestanden finst frå Biscaya til Barentshavet.

Fotograf: Erling Svensen / Havforskingsinstituttet

Det internasjonale havforskingsrådet ICES gjev samstundes kvoteråd på håbrann.

Etter mange år med nullfiske, tilrådde ICES i 2022 å opne for å fiske på haiartane pigghå og håbrann i Nordaust-Atlanteren

No tilrår ICES ei auke i pigghå-kvoten for dei neste to åra. Kvoterådet for pigghå er på 22 309 tonn for 2025 og 22 594 tonn for 2026. 

– Rekrutteringa til pigghå-bestanden har halde fram med å auke dei siste åra, samstundes som fangstnivået er lågt, forklarar bestandsansvarleg Aurélien Delaval.

Fangstar langt under kvoten

For nokre tiår sidan var bestanden nedfiska. Fram mot 2000-talet vart bestanden gradvis redusert, heilt til han var nede i kring 20 prosent av opphaveleg nivå. 

– Men no har bestanden vore skjerma frå fiske så lenge at han klart å byggje seg opp att nok til at det er forsvarleg å tilrå noko fiske, seier Delaval.

For 2023 og 2024 fastsette EU og Storbritannia ein kvote for sitt fiske som er noko under ICES sitt råd. Ein norsk kvote vart ikkje fastsett. 

I Nordaust-Atlanteren vart det fiska 4208 tonn pigghå i 2023, og av dette vart 1891 tonn sleppt ut att. Den norske fangsten var på 351 tonn same året, dette er på same nivå som åra  før.

Føre-var på håbrann

Når det gjeld håbrann, tilrår ICES at det ikkje vert fiska over 231 tonn i 2025 og 231 tonn i 2026. Dette er ei vidareføring av rådet for 2024. 

Delaval forklarar at havforskarane manglar indeks-data frå dei siste fem åra, noko som vil føre til usikkerheit i reknestykka om ein køyrer dei i dag:

– Difor gjev ICES eit råd basert på ei føre-var-tilnærming, forklarar havforskaren.

– Landingsdataa vi har syner at håbrann-fangstane i Nordaust-Atlanteren er låge, samstundes som vi antek at bestandsutviklinga har halde fram i den positive retninga. 

Endå ICES har gitt eit kvoteråd, er det framleis ulovleg å fiske håbrann i dei aller fleste land.