Denne veka vart Havforskingsinstituttet sin nye USV sjøsett i Bergen.
Publisert: 31.01.2025
Forfatter: Bente Kjøllesdal
Den umanna overflatefarkosten «Frida» er komen til havbyen.
Ho er ein av dei to USV-ane Havforskingsinstituttet bestilte frå Kongsberg tilbake i 2021, og som vi har utvikla saman med bedrifta.
– Det er kjekt at «Frida» omsider er komen på plass, slik at vi kan setje ho i arbeid, seier Brede Fedje Andersen, medan han dreg i ei stropp her og ei stropp der for å manøvrere farkosten trygt frå lasteplanet til Byfjorden.
Han arbeider i fartøyinstrument-seksjonen, og er ansvarleg for USV-ane til HI.