Petroleumsproduksjon i Nordsjøen.
Fotograf: Jon S. Rønning / HavforskningsinstituttetPublisert: 14.03.2025
Havforskingsinstituttet (HI) rår mot å opne for olje- og gassaktivitet i blokker som overlappar med særleg verdifulle og sårbare område (SVO) og med korall- og svampførekomstar.
Det kjem fram i eit ferskt høyringssvar til Energidepartementet om tildeling av førehandsdefinerte område 2025.
– Det bør verte teke særleg omsyn til økologisk og kommersielt viktig artar, seier forskingsdirektør Geir Huse. – Norsk vårgytande sild er ein slik art.
Fisk i tidlege livsstadium er særleg sårbare for oljesøl. I høyringssvaret peikar havforskarane på at Mørebankane tidlegare har vore eit hovudgytefelt for norsk vårgytande sild (nvg-sild), og kan verte det igjen.
Fleire av blokkene overlappar med det som tradisjonelt har vore drivbaner for sildelarvar.
Dei siste fire åra har nvg-silda gytt lenger nord enn før, utelukkande frå Røstbanken og nordover.
– Siste mengdemåling av ungsilda, den som er frå 0 til 4 år gammal, var i september 2024. Då var der rekordstore mengder med sild over store områder i Barentshavet som overlappar med mange av dei føreslegne TFO-områda der, seier Huse.
HI anbefaler vidare å ta omsyn til botnhabitata i alle område som vert opna for leiting og produksjon av olje og gass.
Dette rommar kartlegging av kor sårbare botnhabitata er før leite- og utbyggingsaktivitetar startar, bruk av best mogeleg teknologi for å avgrense fysiske skadeverknader, minimering av utslepp av olje og kjemikalium, og framskaffing av dokumentasjon av eventuelle skadeverknadar.
Avslutningsvis i høyringsinnspelet peikar Havforskingsinstituttet på at petroleumsutvinning bør verte vurdert som del av ei økosystembasert forvaltning, og ikkje i isolasjon – som i dag.
Vurderingane bør ta høgde for den samla påverknaden:
– Marine økosystem er under press frå ei rekkje sektorar med til dels overlappande påverknadsfaktorar. Ytterlegare menneskeleg aktivitet knytt til opning av nye område for petroleumsutvinning vil auke den samla belastninga på økosystema, seier Huse.
– Konsekvensutgreiingar for petroleumsaktivitet på norsk sokkel har til no ikkje inkludert kva effekten av den enkelte feltubygging vert på det globale klima, trass i at regjeringa i si Hurdalsplattform vart einige om å ta dette inn i vurderinga.