Gå til hovedinnhold

Kunnskapsrettleiar for marine naturverdiar og tiltak i kystsona


To små båter som ligger opp ned i strandkanten

Kystlandskap i Nord-Norge.

Fotograf: Anders Jakobsen / Havforskningsinstituttet

Kystsona er i aukande grad under press av menneskeleg aktivitet, og i havets tiår som starta i 2021, vil det derfor vere viktig å oppretthalde gode miljøforhold i kystsona, som levestad for marine planter og dyr.

Kystsona – vår felles arv

Marine økosystem er globalt sett leveområde for 1–2 millionar akvatiske arter, og om lag 96 % av desse nytter kystsona i løpet av livssyklusen sin. Kystsona i Noreg består av eit rikt biologisk og fysisk mangfald, som innelukka fjordar og poller, opne fjordsystem, indre og ytre skjærgard og eksponerte kystlinjer opne rett ut til havs. Her fins eit stort mangfald av botntyper, straumsund og fjordar som har djupner større enn havet utanfor. Denne variasjonen har gitt levestader for unike økosystem og naturtyper som for eksempel ålegrasenger, korallrev og djuphavssamfunn inne i fjordane. Kysten er svært viktig for dei fleste fiskeslag vi haustar, for det er ofte her vi finn både gyte- og oppvekstområda for blant anna sild, sei og torsk.  

Som del av samfunnsoppdraget sitt, gir Havforskingsinstituttet norske myndigheiter kunnskap og råd for berekraftig forvalting av dei marine økosystema. Instituttet bidreg innan tema hav- og kystressursar, det marine miljøet, fiskeernæring, akvakultur, eit bredt utval av miljøsaker, marint biologisk mangfald, forvalting av sjøareal og trygg og sunn sjømat.

Havforskingsinstituttets faglege råd blir brukte av forvaltinga, for eksempel Fiskeridirektoratet eller Miljødirektoratet, men òg av regionale sektormyndigheiter som statsforvaltar eller kystverket, fylkeskommune eller kommunar.

Etterspurnaden er i dag stor etter instituttet sine råd og kunnskapsbidrag i kystsonesaker. Som hovudregel vil Havforskingsinstituttet fokusere på saker av regional og nasjonal betyding, men kan på førespurnad og i saker av prinsipiell betyding òg gi råd i meir lokale saker.

Følgjande tema gir generell informasjon om kartlagde marine verdiar i kystsona og kva for moglege konsekvensar mindre tiltak kan få.

Plansaker og utfordringer

Her er en oversikt over vanlige plansaker i kystsonen og hvilke mulige konsekvenser disse kan ha for ulike marine verdier.