Gå til hovedinnhold

Blautbotnområde i strandsona


en sjøstjerne på sandbunn

Arktisk sjøstjerne, Hymenaster pellucidus. Frå Havforskningsrapporten 2012, side 87–89.

Fotograf: Mareano / Havforskingsinstituttet

Blautbotn består av mudder og/eller fin, leirholdig eller grovare sand som ofte blir tørrlagt ved fjære sjø.

Områda med blaut botn er viktige beiteområde for fugl og fisk. Blautbotnarter er i hovudsak stasjonære og blir påverka av faktorar direkte på dei stadene dei finst. Vanlege arter er fjæremark, sandmusling, knivskjel, hjartemusling, pelikanfotsnigel, tårnsnigel, sjøstjerner og sjøpiggsvin, der fleire arter lever nedgravne. Ofte kan område med sterk bølgeaktivitet sjå heilt livlause ut fordi organismane er veldig små og lever nede i sedimentet. Dette er også viktige beiteområde for både sjøaure og kysttorsk, og sei i vinter- og vårhalvåret.

Artssamfunn kan brukast som eit miljøarkiv for status og endringar i det marine miljøet. Endringar i artsmangfald kan brukast til å påvise forureingseffektar av punktkjelder og i forbindelse med klimaendringar. I Noreg blir om lag 18 blautbotnområde i strandsona omfatta av Ramsar-konvensjonen for våtmarksområde. Dette inneber at områda står på konvensjonen si liste over internasjonalt viktige våtmarksområde. Norske strender med blautbotn er viktige for trekkande vadefuglar.

Truslar/sårbarheit

Inngrep som oppmudring, hindring av vassgjennomstrøyming ved bygging av moloar og fylling av gruntvassområde vil endre produktiviteten i området. Enkelte av desse områda kan også vere ønskelege å nyttast til sand- og grusuttak.

Referansar

Kartlegging av marine naturtyper: https://www.miljodirektoratet.no/publikasjoner/publikasjoner-fra-dirnat/dn-handboker/kartlegging-av-marint-biologisk-mangfold

Verdisettingskriterier: https://niva.brage.unit.no/niva-xmlui/handle/11250/2646391