Gå til hovedinnhold

Litoralbasseng


svaberg med et lite litoralbasseng/grop i fjellet

Litoralbasseng

Fotograf: Kjersti Turøy / Havforskingsinstituttet

Litoralbasseng høyrer til fjæreområde med fast fjell. Når fjæresona blir tørrlagt ved lågvatn/fjære sjø, blir sjøvatnet etterlaten i basseng eller groper i fjellet.

Litoralen omfattar tidevassona (fjæra) som reknast frå lågaste nivå på lågvatnet til øvst i bølgesprøytsona. I litoralbasseng som ligg omkring høgaste tidevassnivå eller i bølgesprøytsona, og som ikkje får regelmessig vassfornying med tidevatnet, kan miljøforholda variere mykje. Ved nedbør eller tilsig av ferskvatn, vil ferskvatnet legge seg som eit lag over det salte vatnet. På dagar med sterk sol kan det salte vatnet i bassenget derfor bli kraftig oppvarma.

Slike basseng favoriserer arter som toler store miljøvariasjonar, frå svært salt vatn til nesten ferskvatn og periodar med svært høge temperaturar. Litoralbasseng som ligg lågare i tidevassona og får nytt sjøvatn ved kvart tidevatn, har langt meir stabile miljøforhold. I desse bassenga er det leveforhold for arter som opphavleg høyrer til i sjøsona under fjæra (sublitoralen), og som ikkje toler tørrlegging. Naturtypen eigner seg godt til undervisningsføremål, da ein kan få god oversikt over artsamansetninga ved bruk av enkle reiskap for innsamling av organismar. 

Litoralbasseng er vanlegvis små i størrelse; topografien og tidevatnet bestemmer utbreiing og bassengets djupne. Eksponering av vind og bølger påverkar òg vassfornying i bassenga.

Truslar/sårbarheit

Fysiske inngrep kan vere ein trussel mot naturtypen.

Referansar

Kartlegging av marine naturtyper: https://www.miljodirektoratet.no/publikasjoner/publikasjoner-fra-dirnat/dn-handboker/kartlegging-av-marint-biologisk-mangfold