Flatøsters veks i grunne område i bukter og pollar i område der temperaturen ligg mellom 6 og 25 °C. Det er berre når temperaturen i sjøvatnet er stabilt høgare enn 16 °C over ein lengre periode at østersen vil produsere modne egg. For å produsere modne egg kvart år, må temperaturen ligge mellom 20 og 27 °C om sommaren. Saltinnhaldet bør ligge mellom 25 og 35 ‰. For mykje ferskvatn vil hindre normal utvikling av fiskeegg og- larver. Gode lysforhold er viktig for mattilgang. Under optimale forhold kan østers opptre i store tal.
Bestanden av den europeiske flatøstersen har gått kraftig tilbake i det meste av utbreiingsområdet. Norskekysten utgjer den nordlege del av utbreiingsområdet, og her veks den spreidd frå svenskegrensa til Nordland. Førekomsten av østers vil variere med dei klimatiske vilkåra. I periodar med kaldare klima finst østers hovudsakleg i område som er gunstige for overleving og reproduksjon, mens i periodar med varmare klima er østersen å finne over store område i skjergarden. Dei høge sommartemperaturane dei seinare åra har ført til gode vilkår for østersen, og mykje tyder på at den er blitt meir talrik og har funne nye veksestader.
Europeisk flatøsters kan også vere trua av konkurranse frå invaderande stillehavsøsters (Crassostrea gigas).
Forureining og fysiske inngrep i pollar og grunne viker som er leveområdet for østers, er den største trusselen i Noreg i dag. Gjødsling og auka algevekst gir i utgangspunktet østersen betre mattilgang, men blir næringstilførselen for god, kan fastsitjande algar konkurrere med østersen om substrat.
Publisert: 06.09.2021 Oppdatert: 13.11.2024