Pollar er marine brakkvassområde med ein sterk innsnevring og ein grunn terskel med eit markert basseng innafor terskelen. Pollane er oftast kombinerte med sterke tidvasstraumar inn og ut av dei tronge sunda. Ein kan ofte finne ein spesiell flora og fauna i pollar, fordi dei hydrografiske forholda skil seg frå kystområdet utanfor pollen.
I pollar kan temperaturen ofte bli høgare enn i områda rundt. Dette gjer at mange varmekjære arter kan trivast i pollar. Om vinteren kan pollar med spesielt grunne tersklar ha betre omrøring av vassmassane, fordi heile vassmassen inne i pollen består av overflatevatn med litt lågare saltinnhald. Dette reduserer faren for oksygensvikt i pollen sitt botnvatn. Kaldtvasspollar har eit lag med svært kaldt vatn på botnen, der kaldtvassarter ein elles ikkje finn i området rundt, trivst. I nokre pollar kan ein finne arter som har overlevd der sidan ein hadde eit anna klima i området (relikt). Pollar kan vere veksestad for fleire trua og sårbare brakkvassarter, mellom anna fleire kransalgearter. Pollar kan òg ha eigne lokale bestandar av arter, avhengig av pollens djupne og vassutskifting.
Pollar er særleg utsette for menneskeleg aktivitet og toler mindre belasting i form av næringssalt og organiske utslepp enn opne kystområde. Sidan pollane har ei trong opning med eit basseng innanfor, har dei avgrensa utveksling av vatnet. Områda rundt pollar er ofte populære hytteområde og for bygging av mindre hamnar. Det er lite aktuelt med matfiskanlegg i slike pollar, men settefiskanlegg kan vere aktuelle. Alle former for mudring og utslepp kan påverke dei særprega økosystema i pollar.
Djupe fjordar er ein naturtype som blir definert som fjord med eit basseng på større djup enn 500 meter. Fjordtypen er viktig fordi ein i slike djupe basseng ofte finn eit spesielt artssamfunn. Her kan ein finne oseaniske arter som har isolerte populasjonar. Hardangerfjorden og Sognefjorden er blant dei største djupe fjordane i Noreg. Tysfjorden (Nordland) er den djupaste fjorden i Nord-Noreg. Andre djupe fjordar er Bjørnafjorden, Fensfjorden, Lustrafjorden og Aurlandsfjorden (Vestland), Trondhjemsfjorden (Trøndelag) og Bindalsfjorden (Nordland). Naturtypen er registrert på basis av sjøkart og Norsk Fjordkatalog. Det er gjort ein del undersøkingar av Hardangerfjorden og Sognefjorden, mens andre fjordar er lite utforska.
Djupe fjordar kan bli påverka av utslepp frå industri, gruver, befolkning og akvakultur. Vi har relativt god kunnskap om korleis livet i fjordane blir påverka av for eksempel utslepp frå matfiskanlegg. Straumforholda er ulike inne i fjordane og ute på kysten. Fjordlokaliteter kan ha god straum i dei øvre vasslaga, mens det er mindre omrøring av vatnet i djupare vasslag. Utskifting av botnvatnet kan skje periodevis, ofte årleg, og da sett i gang av meteorologiske forhold som for eksempel ein vedvarande periode med nordavind på kysten utanfor fjorden. Matfiskanlegg som ligg ute på kysten, vil i motsetning til dette ofte ha god og vedvarande straum i heile vassøyla. Fjordlokaliteter er derfor meir utsette for overbelastning. På straumsvake lokalitetar fell det organiske materialet meir eller mindre rett til botn, og eit lite område rundt anlegget vil bli kraftig påverka. Slike lokalitetar ligg ofte med god straum i overflata, men får ein dårleg miljøtilstand ved botnundersøkingar fordi faunasamfunna er overbelasta, ein får oksygensvikt i sedimenta og utvikling av giftige gassar. Ved anlegg med betre botnstraum vil materialet spreie seg meir utover frå anlegget, og ein får ein lågare grad av botnpåverknad over eit større område. Mykje tyder på at djupe fjordar med grunn terskel vil vere særleg sårbare ved klimaendringar, fordi ein får lågare frekvens av utskifting av botnvatnet og lågare oksygenmetting på grunn av auka temperatur i botnvatnet. Dette kan føre til oksygenmangel og negativ påverknad på botnsamfunn.
Dumping av avfall (skip m.m.), eutrofiering og anna industriell forureining. Ved eutrofiering vil oksygensvikten alltid starte på botnen.
Fjordarmar og pollar i indre deler av større fjordsystem er ofte utsette for stor menneskeleg belastning. Fysiske inngrep (for eksempel utfyllingar) og forureining (avrenning frå jordbruk og kloakk, etc.) utgjer dei viktigaste truslane.
Kartlegging av marine naturtyper: https://www.miljodirektoratet.no/publikasjoner/publikasjoner-fra-dirnat/dn-handboker/kartlegging-av-marint-biologisk-mangfold
Publisert: 17.08.2021 Oppdatert: 13.11.2024