Gå til hovedinnhold

Skjelsandførekomstar


brunpølser og mosdyr på skjellsand

Skjelsand saman med brunpølser og mosdyret Eucratea loricata.

Fotograf: Mareano / Havforskingsinstituttet

Skjelsand er eit habitat som ofte er rikt på blautbotnfauna. Denne sanden – som i stor grad består av knuste og delvis nedbrotne kalkskal frå skjel og andre marine organismar – blir rekna som ein ikkje-fornybar ressurs i eit menneskeleg tidsperspektiv.

Dei viktigaste organismane i danninga av skjelsand er blautdyr (skjel og sniglar), rur, kråkebollar, kalkrørormar og kalkalgar. Danning av skjelsand avheng både av vekstvilkår for kalkdannande organismar, og avsetningsvilkår etter at organismane er daude. 

Talet på skjelsandførekomstar er generelt høgast ytst på kysten. Dei største og grovaste partiklane blir avsette på grunt vatn, mens dei finare partiklane blir førte ned på djupare vatn, eller blir avsette i skjerma basseng. Skalmaterialet blir ofte ført inn på lesida av holmar og skjær. Det er også vanlig å finne førekomstar av skjelsand i område med sterk straum, eller i område der det tidlegare har vore sterk straum med høg næringstilgang. På grunn av landhevinga etter siste istid, finn ein no mange gamle skjelsandførekomstar på grunnare vatn (til dels på land) enn der dei opphavleg blei avsette.

Utvinning av skjelsand føregår spreidd langs kysten, med dei største uttaka på Vestlandet. Skjelsand blir blant anna brukt som kalkingsmiddel i landbruket, som kalktilskot i kraftfôr og hønsefôr, til kalking av vassdrag og som strøsand på vegar.

Truslar/sårbarheit

Uttak av skjelsand og endring av straumtilhøva blir rekna som dei største truslane.

Referansar

Kartlegging av marine naturtyper: https://www.miljodirektoratet.no/publikasjoner/publikasjoner-fra-dirnat/dn-handboker/kartlegging-av-marint-biologisk-mangfold

Verdisettingskriterier: https://niva.brage.unit.no/niva-xmlui/handle/11250/2646391