Gå til hovedinnhold

Snabeluer i Barentshavet og Norskehavet


HI 037181

Snabeluer fanget nær overflaten 240 nmi vest for Sørøya.

Fotograf: Leif Nøttestad / Havforskningsinstituttet

Snabeluer større enn 47 cm blir sjeldan observert, og ein fisk på denne storleik kan vere frå 50 til 70 år gamal.

Snabeluer føder levande 4–6 mm yngel i mars–april. Veksten fram til kjønnsmoden storleik og alder er nokså lik vanleg uer.

Snabelueren går ikkje inn i Nordsjøen, men lever langs kontinentalskråninga mot Norskehavet frå 400 til 600 meters djup frå Shetland og nordover til Andøya. Her finst det lite snabeluer mindre enn 28–30 cm. Nord for Andøya finst snabeluer også grunnare.

Barentshavet og Svalbard (også nord for Spitsbergen) er oppvekstområdet for arten. Yngleområdet strekkjer seg langs eggakanten frå Shetland til Tromsøflaket, og i Barentshavet er det vist “gytevandring” av hofisk mot dette området.

Dyreplankton som raudåte, krill og marflo er viktigaste føde for snabelueren dei første leveåra. Deretter går han gradvis over til å beite meir krill og fisk. I tidlegare år, då rekrutteringa av snabelueryngel var god og stabil, utgjorde snabeluer under 25 cm rundt 10 prosent av dietten til nordaustarktisk torsk. Også blåkveite beitar på snabeluer. Larvar og liten ueryngel har dessutan blitt observert i sildemagar.

Det er ikkje påvist endringar i gytealder, produksjon eller utbreiing som følgje av endringar i klima. Det kan likevel ikkje utelukkast at klimaendringar kan vere ei medverkande årsak til større utvandring til det sentrale Norskehavet sidan 2003.