Fotograf:
Jan Helge Fosså / Havforskningsinstituttet
1/4
Det finst fleire arter av uer: vanleg uer (Sebastes norvegicus), snabeluer (Sebastes mentella) og lusuer (Sebastes viviparus). Vi omtaler dei to første. I tillegg har vi ein eigen bestand pelagisk snabeluer i Irmingerhavet. Den er samansett av to pelagiske bestandar som med ei viss overlapping i stor grad er åtskilde på djup.
Vanleg uer føder levande 4 til 6 mm stor yngel i april–mai. Paringa går føre seg om hausten, og i yngleområdet om våren kan det difor vere reine hofisk-konsentrasjonar.
Denne snabelueren er ein eigen oseanisk og pelagisk bestand (sannsynlegvis samansett av to bestandar) og lever frå 100 til 900 meters djup over eit botndjup på 1500–3000 meter. På grunn av sein kjønnsmodning og langsam vekst, er denne bestanden svært følsam overfor for sterk utnytting.