Publisert: 14.08.2019
Det var tett mellom rektorane og direktørane då nyhenda om det store samarbeidsprosjektet «Skagerrak-Kattegat-Oslofjorden: Kunnskapsutvikling for et friskt og produktivt havområde» blei lansert midt under Arendalsuka.
Det er ikkje nytt at dei seks institusjonane (sjå faktaboks) samarbeider, det nye er at det marine samarbeidet blir formalisert og prioritert i form av ei tverrfagleg regional satsing.
Satsinga inneber også eit større utdanningsopplegg.
Det er institusjonane sjølve som har teke initiativ til å skapa ein felles plattform for forsking, utdanning og formidling. I Arendal vart det presentert smakebitar på eksisterande, gryande og framtidige forskingsprosjekt. Fleire av dei koplar klassiske disiplinar som biologi og oseanografi med nyare fag som data science og genomikk.
Skagerrak-Kattegat-Oslofjorden eignar seg som forskingsfelt langs fleire aksar. Havområdet er veldefinert med grense til Nordsjøen i vest og Østersjøen. Halvparten av befolkninga i Noreg og svært mange svenskar og danskar lever opp mot det, og miljøpåverknaden er stor.
Dette gjer også at Skagerrak-Kattegat-Oslofjorden eignar seg særs godt som modellhav – kunnskapen frå samarbeidsprosjektet vil ha stor overføringsverdi til andre havområde.