Gå til hovedinnhold

75 prosent færre lakselus med ny merdtype

Ved å skilje laksen fysisk frå luselarvane kan ein redusere påslaget av lakselus med 75 prosent samanlikna med ein vanleg merd. Dette er no stadfesta i vitskaplege forsøk med snorkelmerd i kommersielle oppdrettsanlegg.

Om sommaren har du myggnett på teltet for å unngå myggbit. Forskarar ved Havforskingsinstituttet har testa ut det same prinsippet i oppdrettsanlegg for å unngå at laks blir infisert med lakselus.

Snorkelmerd er ein ny teknologi som skal hindre lusa frå å kome til laksen. I snorkelmerden er det eit nettingtak på 10–20 meters djup som skil laksen frå overflatevatnet der luselarvane rører seg (Figur), med ein tett snorkel eller tube midt i merden der laksen kan symje til overflata og snappe luft. Snorkelen gjer at laksen kan få etterfylt symjeblæra, utan å bli utsett for luselarvar.

Tidlegare forsøk i mindre omfang har vist at dette kan vere ein effektiv metode for å redusere påslaget av lakselus i stor skala. Effekten er no stadfesta i eit omfattande forsøk i kommersiell skala gjennom eit heilt år.

– Det er unikt at vi no har vist på ein vitskapleg måte at prinsippet om å skilja luselarvene fysisk frå laksen fungerer i kommersiell skala, seier prosjektleiar og HI-forskar Frode Oppedal.

Stor reduksjon i lus

I forsøka, som no er dokumenterte av stipendiat Lena Geitung i samarbeid med blant andre Oppedal i eit anerkjent fagtidsskrift, vart tre snorkelmerdar samanlikna med tre vanlege merdar. Resultata var slåande:

  • I snorkelmerdane vart påslaget av lakselus redusert med 75 prosent.
  • Talet i merdar som vart behandla mot vaksne lus vart redusert med 43 prosent.

Lusebehandling blir sett i verk når ein finn fleire enn 0,5 vaksne holus per laks i ein merd, som er kravet frå styresmaktene (0,2 i veke 16–21).

Tidlegare forsøk med snorkelmerd har vore gjort i mindre testanlegg, eller i få kommersielle merdar og over kortare periodar. Då kunne storleik- og sesongvariasjonar påverke lusepåslaget, slik at det har vore usikkert om resultata er gyldige for heile produksjonssyklusen.

Fleire anlegg – større effekt

Frode Oppedal er éin av forskarane ved HI som har arbeidd fram snorkelmerd-teknologien dei siste åra, i samarbeid med blant andre forskarar frå Universitetet i Melbourne. Egersund Net har utvikla produktet kommersielt under namnet tubenot, eit produkt som alt er teke i bruk ved fleire anlegg.

For forskarane har det viktigaste vore å få dokumentert effekten av å fysisk skilja luselarvar og fisk.

– Vi har vist at prinsippet fungerer. No kan det også utviklast andre typar merdar som byggjer på det same prinsippet, seier Oppedal, og legg til:

– Viss fleire oppdrettsanlegg innanfor same område nyttar dette prinsippet eller andre metoder som hindrar lakselus, vil effekten bli mykje større. Vi har gjort analysar som viser kva anlegg som spreier flest lus innanfor eit område. Den største effekten vil ein oppnå ved å treffa tiltak ved slike nøkkelanlegg.

Referanse

Lena Geitung, Frode Oppedal, Lars Helge Stien, Tim Dempster, Egil Karlsbakk, Velimir Nola, Daniel W. Wright (2019). «Snorkel sea-cage technology decreases salmon louse infestation by 75% in a full-cycle commercial test». International Journal for Parasitology 49, 843–846.

Lenke: https://doi.org/10.1016/j.ijpara.2019.06.003