Publisert: 26.01.2022 Oppdatert: 01.02.2022
I ein ny rapport bestilt av Fiskeridirektoratet har Havforskingsinstituttet (HI) laga ei oversikt over terskelfjordar som har sjeldan utskifting av bassengvatnet. Vatnet i dei djupe fjordbassenga blir berre skifta ut dei åra vêr og vind klaffar med førekomsten av tungt vatn på kysten.
Samanlikna med tidlegare går det altså lenger tid mellom kvar gong dette skjer, konkluderer forskarane. Dei har brukt ein modell for vassutskifting som byggjer på observasjonar av fysiske forhold langs heile norskekysten.
Les rapporten her: Utskifting av bassengvatn i djupe terskelfjordar
For å vurdera endring over tid, har forskarane sett på data frå to periodar: 1960–1990 og 1990–2020.
– Vi ser at det er ei trend mot sjeldnare vassutskifting i ei rekke fjordar i den siste trettiårsperioden samanlikna med perioden før, seier forskar Ingrid Askeland Johnsen, som har leia studien.
– Trenden er eit resultat av klimaendringane som allereie gjer seg gjeldande langs kysten vår. Dette er difor viktig å ta omsyn til i planlegginga av aktivitet i kystsona, legg ho til.
Forskarane understrekar at trenden truleg vil halda fram i takt med dei forventa endringane i tida framover.
Terskelfjordar er grunne ved opninga mot sjøen, med djupare vatn innanfor terskelen. For at djupvatnet skal bli skifta ut, må det vera tilstrekkeleg tungt vatn ved kysten som blir «løfta» over terskelen ved hjelp av vinden.
Klimaendringane gjer derimot at kystvatnet blir varmare og lettare. Derfor skjer også desse utskiftingane sjeldnare no enn tidlegare: Det finst ikkje tungt nok vatn på terskelen som kan byta ut vatnet inne i fjorden.
Les meir om vassutskiftinga i denne saka: Djupvatnet i Masfjorden er skifta ut etter 10 år
Terskelfjordar får tilført oksygen gjennom den periodevise utskiftinga av vatnet. Mellom utskiftingane bruker fiskar, plankton og bakteriar oksygenet som vart tilført.
– Når det går lengre tid mellom tilførselen av oksygenrikt vatn, kan oksygennivået bli lågare enn tideligare, forklarer Ingrid A. Johnsen.
Fjordane med oppdrettsaktivitet får tilført organisk materiale og næringssalt, for eksempel i form av skit og fôrrestar frå oppdrettsanlegg. Dette aukar oksygenforbruket i fjordbassenget ytterlegare, og aukar risiko for at oksygenet i fjorden blir brukt opp. Terskelfjordar med sjeldan vassutskifting har difor lågare bereevne for havbruk.
Forskarane understrekar at modellen dei har brukt er grovkorna. Dei anbefaler at fjordane som modellen vurderer med moderat eller sjeldan utskifting blir vurdert med observasjonar, der dette ikkje er gjort.
– Det er mangel på data om oksygenforhold i fjordane langs kysten, og data frå fleire fjordar vil gi ei betre vurdering, seier Johnsen.
HI er med i fleire nye forskingsprosjekt som ser på korleis klimaendringar påverkar fjordmiljøet, og kva dette betyr for berekraftig bruk av fjordane.
– Det er stadig større press på fjordane våre. Derfor er det viktig å undersøka korleis det fysiske miljøet endrar seg på grunn av klimaendringar, for å finna ut korleis dette påverkar det lokale økosystemet, seier HI-forskar Mari S. Myksvoll, som leier eit nytt tverrfagleg fjordprosjekt ved Bjerknessenteret for klimaforsking.
Johnsen, Ingrid Askeland, Vivian Husa, Pia Kupka Hansen og Frode Vikebø. «Utskifting av bassengvatn i djupe terskelfjordar». Rapport fra havforskningen 2021-43 (2021). Lenke: https://www.hi.no/hi/nettrapporter/rapport-fra-havforskningen-2021-43