Gå til hovedinnhold

Powernap hindra ung oppdrettslaks frå å komme i tidleg pubertet


fisker i et kar

Illustrasjonsfoto: Oppdrettslakser har sin barndom i ferskvannskar på land – før de blir påvirket til å "smoltifisere" seg.

Fotograf: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Forskarane har funne den gylne daglengda for smolt.

Oppdrettslaksen startar dagane sine i kar med ferskvatn på land. Då har oppdrettarane lyset på heile døgnet, slik at dei små laksane har «dag» heile tida. Dette gjer at dei et meir og veks fortare.

Men for at laksen skal bli klar for saltvatn (smoltifisere) må oppdrettarane først gå ned til 12-timer lange «vinterdagar», og så auke opp igjen til 24 timer med lys.

Har uønskt pubertet som biverknad

Då trur laksen det er overgang frå vinter til vår og på tide å vandre ut i sjøen. Han smoltifiserer.

Men klussinga med lyset har ein uønskt biverknad: Ein del av hannlaksen blir kjønnsmoden.

Kjønnsmoden laks blir lettare sjuk og veks dårlegare.

21-timarsdag var betre enn 24-timarsdag

I ein ny artikkel har forskarane dokumentert at du kan minimere dette problemet med ein «powernap».

– Ved å korte ned den evige dagen til 21 timar følgt av ei kjapp «natt» på 3 timar, fekk vi berre 10 prosent kjønnsmodne fiskar. Til samanlikning fekk vi 30 prosent kjønnsmodne fiskar med den tradisjonelle metoden, seier forskar Thomas Fraser.

Andre HI-forskarar har vist tidlegare at ein kort dag på berre tre timar, gir null kjønnsmodning. Men då går du samtidig glipp av mange timar med fôring og vekst.

– Vi ville finne det beste kompromisset, seier Fraser.

Og det fann dei altså. Å gå frå vinterdøgn til både 18 og 21 timars dagar viste seg å smoltifisere fisken som vanleg, men redusere kjønnsmodninga betrakteleg.

Slik gjorde dei forsøket

Forskarane fordelte 380 unglaksar på 6 kar (med uviss kjønnsfordeling).

Alle kara hadde lys som simulerte vinterdøgnet, før dei auka til:

  • lys heile døgnet i to kar
  • 21 timar lys og tre timar «natt» i to kar
  • 18 timar lys og seks timar «natt» i to kar

Fiskane hadde det slik i seks veker.

Null problem for holaksane

Forskarane tok prøver som kan avsløre teikn på pubertet, slik som mengda testosteron i blodet.

– Som venta var det ingen av holaksane som kom i puberteten. Dette er ikkje er eit problem for dei, fordi dei har litt seinare kjønnsmodning enn hannane også i naturen, forklarer Thomas Fraser.

  • 33 prosent (16 av 49) av hannane med lys heile døgnet viste teikn til kjønnsmodning
  • 10 prosent (6 av 61) av hannane med 21 timar lys viste teikn til kjønnsmodning
  • og 12 prosent (5 av 43) av hannane med 18 timar lys.

– For hannane har vi altså vist at tre timar med mørke er alt som skal til for å redusere tidleg kjønnsmodning etter smoltifisering, summerer Fraser.

Referanse

Fraser, Thomas WK, Tom J. Hansen, Birgitta Norberg, Tom Ole Nilsen, Rüdiger W. Schulz, and Per Gunnar Fjelldal. "Atlantic salmon male post-smolt maturation can be reduced by using a 3-hour scotophase when inducing smoltification." Aquaculture 562 (2023): 738772. Link: https://doi.org/10.1016/j.aquaculture.2022.738772