Gå til hovedinnhold

Forskaren forklarer: Dette er dei norske torskane


toskjen

Torsken kjem i mange fargar og fasongar. Det er vanskeleg å seie nøyaktig kor mange genetiske torskebestandar vi har.

Fotograf: Martin Wiech/Erlend Lorentzen/Gunnar Sætra

Korleis kan det stå dårleg til med torsken, når fiskarane i Nord-Norge får masse torsk?

Dette er det mange landkrabbar som lurar på. Svaret er tilsynelatande enkelt, men så blir det likevel litt vanskeleg. Havforskar Sigurd Heiberg Espeland forklarer:

– Skreien er grei. Den er arktisk torsk som lever i Barentshavet. Han svømmer over store havområde for å ete, og til Lofoten for å gyte. Egga flyt med straumen tilbake til Barentshavet. Det er skrei fiskarane i nord landar mest av, forklarer Espeland.

Skreibestanden er stor og godt forvalta. Forskarane meiner at det er forsvarleg å fiske opptil 566 784 tonn skrei i 2023 (sjå siste kvoteråd). Denne torskearten er med andre ord ein stor økonomisk ressurs.

Nordsjøtorsk kryssar neppe Norskerenna

Torsken i Nordsjøen kallar vi nordsjøtorsk, men består av fleire separate, genetiske bestandar.

Nordsjøtorsken har vore utsett for høgt fiskepress og var på historisk lågt nivå i 2006 – litt opp og ned sidan. For 2023 meiner forskarane at vi ikkje bør fiske meir enn 26 000 tonn.

Nordsjøtorsken er nok sjeldan langs kysten vår.

– Då må han krysse Norskerenna. I dei opne vannmassane er det lite skjul og mat. Det er neppe særleg attraktivt. Han blir nok stort sett verande i England og Danmark, fortel Sigurd Espeland.

Kysttorsken er det verre med

Nokre torskar lever langs kysten, og desse kjem i mange variantar. Også utsjånaden kan skilje seg frå stad til stad.

– Det er vanskeleg å seie kor mange bestandar av kysttorsk vi har. Truleg går det ikkje an å gi eit tal fordi grensene er flytande, seier Espeland.

– Vi kan begynne med såkalla banketorsk som beveger seg langs kysten i Nord-Norge og på Vestlandet. Den gyter på fiskebankane som for eksempel Siragrunnen.

– Den typiske kysttorsken lever og gyter ved kysten. Han tar farge etter omgjevnadane. Den såkalla taretorsken er for eksempel raud fordi han bur i taren.

Dorsk fjordtorsk held seg rundt same stein

– Så har du den introverte fjordtorsken. Ein typisk fjordtorsk beveger seg mindre enn éi nautisk mil i løpet av livet. Merkar vi ein slik på austsida av Terneholmen, så fangar vi han igjen på austsida av Terneholmen.

Sidan fjordtorsken beveger seg så lite, vil det oppstå lokale bestandar inne i ulike fjordar. Egga blir verande i same fjord. Etter mange generasjonar vil denne fisken vere spesialtilpassa dei lokale forholda.

Får neppe teikne livsforsikring

– Det står dårleg til med kysttorsken generelt, og fjordtorsken spesielt. I Oslofjorden er det krise for kysttorsken. 75 prosent av den vaksne torsken døyr kvart år. Med slike odds, ville du aldri fått livsforsikring, for å seie det sånn, seier Espeland.

Nettopp fordi fjordtorsken er så stadbunden, får ikkje éin bestand påfyll frå ein annan. Forskarane fryktar at dei lokale tilpassingane kan gå tapt.

Mange grunnar til hardt torskeliv

Ifølge havforskaren er det vanskeleg å peike på ein enkeltgrunn til kysttorsk-kollapsen. Han trekk fram fiske, mudring, rovdyr, utfylling, dumping av vaskevatn, bustadsbygging, avrenning, sprenging og klimaendringar som torskeutfordringar, særleg i sør.

– 40 prosent av befolkninga i Norge bur mindre enn tre kvarter frå Skagerrakkysten. Der har menneska stort fotavtrykk. Det finst truleg ingen quick fix for torsken. Vi må tenke på summen av alle enkeltfaktorane.

Han meiner at fordi bildet er så samansett, må vi vere tolmodige og jobbe langsiktig for torsken.

–  Det kjem gode årsklassar innimellom, men dei kan ikkje redde bestanden aleine og vi ser dei sjeldan igjen som vaksne. Derfor er det viktig å jobbe vidare med dei utfordringane vi kan gjere noko med.

Les også: Torskebestanden i Oslofjorden er fortsatt like svak

(Denne nyheitssaka er ein oppdatert versjon av ei sak fra 2019)