Gå til hovedinnhold

Obduksjon av niser frå garn: Hadde parasittar frå topp til tå, men levde fint med det


båt på sjøen med en nise fanget i fiskegarn - garnet henger langs skutesiden

En nise fanget i fiskegarn.

Fotograf: Havforskningsinstituttet

Dei 61 undersøkte nisene hadde ulike parasittar som gav dei både lungebetennelse, magesår og knutar i levra.

– Nisene var for det meste godt i hald og hadde spist nyleg. Det tyder på at dei var i stand til å tole parasittane vi fann utan openberre helseproblem, seier Kathrine Ryeng, forskar og veterinær ved Havforskingsinstituttet.

Dei 61 nisene blei fanga som bifangst i nord-norske fiskegarn vinteren 2017, og blei samla inn til forskingsformål.

Ryeng seier at desse nisene er gode representantar for bestanden, i motsetnad til individ som blir skylt i land eller strandar.

Ser dårleg ut på papiret

– Dødsårsaka til desse nisene var uflaks, ikkje sjukdom eller andre naturlege grunnar til at kvalar strandar. Derfor gir dei oss eit innblikk i korleis det står til med nisene, forklarar ho.
Og slik stod det til:

  • 77 prosent av nisene hadde lungeorm – dette gav alvorleg parasittær lungebetennelse hos 33 prosent av dyra.
  • 92 prosent hadde ulike parasittar i mage og tarm. Éin av parasitt-artane, kveis, blei funnen i første delen av magesekken hos 62 prosent av dyra. Der forårsaka den magesår hos 30 prosent av dei.
  • 90 prosent hadde ikter i levra, og 10 prosent i bukspyttkjertelen. Dette førte til betennelsesforandringer i gallegangane og levervevet hos 67 prosent av dyra, og bukspyttkjertelbetennelse hos 10 prosent.
  • 40 av 47 undersøkte niser (85 prosent) var infiserte med mange små rundorm i holrommet rundt øyra (omslutta av bein) utan synleg skade i vevet rundt.

For å oppsummere var hovudfunna parasittsjukdom i fleire organ med tilhøyrande forandringar i vevet, særleg i lungene, levra og magen. Men nisene var godt i hald. Ingen var utmagra, og berre to var under middels velfødde.

Må ha god helse for å overleve i Arktis

– Desse nisene var frå kysten av Troms og Finnmark og har vore avhengige av tjukke spekklag for varme og energireserve. I arktiske farvatn varer ikkje svake individ lenge. Derfor må vi anta at parasittane ikkje plaga dei for mykje, seier Ryeng.

– Men parasittar har ikkje interesse av å ta livet av verten sin, så sånn sett er det ikkje uventa.

Tvert imot meiner ho det kan vere positivt å sjå ein variert flora av parasittar i nisene. Kveis i ulike livsstadium er for eksempel avhengig av fleire ulike dyr som vertar. Dei reflekterer dermed eit fungerande økosystem.

Mindre kveis i Varanger-niser

Nisene i Varangerfjorden hadde mindre kveis enn artsfrendane fanga i Troms. Forskarane spekulerer i om det kan skuldast at dei der har beita på den vesle fisken lodde, i motsetnad til sei.

– Nisene blei fanga samtidig med loddeinnsiget til Finnmarkskysten. Det er rapportert at lodda ikkje samlar opp mykje kveis, i motsetnad til torskefisk som sei, forklarer Kathrine Ryeng.

Funna hennar elles speglar også ein meir nordleg diett og parasitt-fauna enn liknande undersøkingar har vist for niser i Sør-Norge.

Vil også sjekke blodet

Andre patologiske funn var meir opplagde: Teikn på kamp mot døden i garnet og oksygenmangel/kveling. 

– Dette underbygger at bifangst av nise og andre sjøpattedyr i fiskeria, er eit alvorleg, menneskeskapt dyrevelferdsproblem. Det er bra at dette får stadig meir fokus, seier Ryeng.

Forskarane har til gode å analyser for antistoff i blodprøvar frå nisene, som også kan fortelje noko om nisene har vore utsette for smitte med visse kjende virus, bakteriar og parasittar.

– Det kan vere spennande å sjå etter geografiske skilnader der også. Kan for eksempel relativt folkerike Tromsø utsette niser i nærleiken for høgare smitterisiko frå folk eller kjæledyr? spør ho avslutningsvis.

Referanse

Ryeng, Kathrine A., et al. "Pathological findings in bycaught harbour porpoises (Phocoena phocoena) from the coast of Northern Norway." Polar Biology 45.1 (2022): 45-57.

339A1339.jpg

Såg etter kveis i kvalar – fann fleire enn dei kunne telje

– Og godt er det, særleg i lys av klimaendringane, seier forskar.