Gå til hovedinnhold

Lågaste skreirådet på over 20 år


Død torsk ligger på en sorteringsrampe

Fredag legg den norsk-russiske forskargruppa for fiskebestandar i Barentshavet fram sine kvoteråd, mellom anna for skrei.

Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / Havforskingsinstituttet

Kvoterådet for nordaustarktisk torsk går ned med 31 prosent.

– Gytebestanden for skrei er nedjustert og vil kome under føre-var-nivået i 2025. Difor går også kvoterådet så mykje ned, seier HI-forskar Bjarte Bogstad. 

Han er del av den norsk-russiske forskargruppa for fiskebestandar i Barentshavet. Fredag legg dei fram sine kvoteråd for nordaustarktisk torsk (skrei), nordaustarktisk hyse, snabeluer og blåkveite. 

For alle bestandane er det ein nedgang i tilrådd kvote.

Lågaste kvoterådet på over 20 år

Forskarane tilrår at det ikkje vert fiska meir enn 311 587 tonn nordaustarktisk torsk i 2025. Kvoterådet er 31 prosent lågare enn både kvoteråd og fastsett kvote for 2024. 

– Kvoterådet er det lågaste sidan 2003, seier Bogstad.

Vanlegvis set haustingsregelen ei grense for kor mykje eit kvoteråd kan gå ned frå eitt år til det neste. Denne avgrensinga er på 20 prosent. Men om gytebestanden er venta å falle under føre-var-nivået, fell denne avgrensinga vekk – og dette er no tilfelle.  

– Om fangstane vert lik rådet, vil det vere den lågaste fangsten sidan 1991, seier HI-forskaren.

Dårleg rekruttering 

Dei siste tre åra har kvoterådet for skreien vorte redusert med 20 prosent kvart år, frå 2022 til 2023 til 2024.

Dette heng saman med at gytebestanden for torsk har vorte redusert kvart år sidan den historiske toppen i 2013. 

Rekrutteringa har vore under middels etter 2014-årsklassen og fleire årsklassar er svært svake. 

– Det har vore dårleg rekruttering i fleire år, men dei svakaste årsklassane er 2019 og 2020 – dei som for alvor skulle komt inn i fisket til neste år, forklarar Bogstad. 

Havforskaren peikar på at sjølv om den fiskbare bestanden i 2025 er nedjustert frå i fjor, så er utsiktene lenger fram i tid lite endra. 

– Dei innkomande årsklassane frå og med 2021 er oppjusterte. 

Nedgang for hysa, men utsikter til betring

For nordaustarktisk hyse, tilrår forskarane at fangstane ikkje overstig 106 912 tonn i 2025

Det er 16 prosent lågare enn kvoterådet for 2024, og 24 prosent lågare enn kvota for same år. 

– Dei tre svake årsklassane 2018, 2019 og 2020 er no inne i fisket, forklarar Bogstad. 

Årsklassane 2021-2023 er derimot litt over middels, så for hysa ligg det an til ein oppgang igjen for fangstane i 2026. 

– Men då er det viktig å ta vare på desse innkommande årsklassene, og ikkje fiske dei som småfisk, seier Bogstad. 

Følgjene av ny rekruttering let vente på seg på blåkveita – stabilt for snabeluer

Både snabeluer og blåkveite er langliva bestandar, og kvoteråda vert difor gjevne for to år om gangen.

For snabeluer, tilrår forskarane ei kvote på 67 191 tonn for 2025. Det er ein nedgang på 4 prosent frå kvote og råd i 2024. For 2026 er den tilrådde kvoten 69 177 tonn. 

Forskarane tilrår at blåkveite-fangstane ikkje overstig 12 431 tonn for 2025. Dette rådet er 42 prosent lågare enn kvoten for 2024 og 20 prosent lågare enn rådet for same år. For 2026 er den tilrådde kvoten for blåkveite 14 891 tonn.

– Ny rekruttering er på veg inn i fisket, men det vil ta nokre år før denne bidreg til gytebestanden av hofisk, seier Bogstad. 

Norske og russiske styresmakter fastset kvotane gjennom den norsk-russiske fiskerikommisjonen. Lodderådet kjem som vanleg i oktober.

Her kan du sjå kvoteråda verte lagt fram: