Gå til hovedinnhold

Perlesnormaneta drap millionar av fisk. Vi veit knapt noko om ho.


Kollasj som viser en mann som skjerer opp en fisk, undersiden av en fisk som har svimerker og en perlesnormanet i havet

Dei siste tre åra har ei auka mengd perlesnormanet-observasjonar vorte registrerte i Dugnad for havet, i perioden oktober-januar. I 2023 fekk innsiget store følgjer for oppdrettsfisk.

Fotograf: Erling Svensen, Margreth Møgster, Christine Fagerbakke / HI

Perlesnormaneta har skadd fisk langs heile kysten. No skal forskarane undersøke korleis vi hindrar at dette skjer igjen i prosjektet JellySafe, som er tildelt nær 35 millionar kroner. 

– Heile poenget med forsking er å undersøke ting vi ikkje veit, men perlesnormanet-situasjonen er unik, seier havforskar Tina Oldham.

– Det er uvanleg kor lite vi veit om noko som har hatt så stor innverknad. 

Då fjorårets haustmånadar glei over i vinter, kom store mengder perlesnormanet drivande mot norskekysten. Konsekvensane av den uønskte gjesten vart enorme. 

Åtak etter åtak langs kysten

Fleire millionar oppdrettsfisk døydde truleg som følgje av manet-innsiget, synte Havforskingsinstituttet sin Risikorapport norsk fiskeoppdrett 2023

Perlesnormaneta er ein kolonimanet, som er sett saman av fleire mindre individ. Nokre av individa har nesleceller, og desse svir fisk som kjem for nær.

Slik kan skadar etter perlesnormanet-åtak sjå ut:

I møte med bølgjer, turbulens og fysiske barrierar vert manetkoloniane brotne opp –  og desse små bitane kan trenge inn i oppdrettsmerdar.

Dette hende igjen og igjen og igjen hos oppdrettsanlegg langs kysten. Røktarane stod att makteslause.

– Vi manglar både kunnskapane og infrastrukturen som førebur oss på å møte slik skadeleg plankton, seier Oldham. 

No skal ho leie eit heilt nytt forskingsprosjekt som skal ruste oss mot slike farar som kjem drivande med havstraumane.

Prosjektet JellySafe vart nyleg tildelt om lag 35 millionar kroner i støtte frå Fiskeri og havbruksnæringens forskningsfinansiering (FHF). 

Granskar heile biletet

Kunnskapshola om perlesnormanet er mange og dei er store. Men då maneta byrja å skape trøbbel i vinter, heiv havforskarane seg rundt for å skaffe kunnskap – både om fisk som vart råka og maneta som forårsaka det. 

Vi sikra prøver frå manet-åtaket på forskingsstasjonen vår i Austevoll og sette i gang prosjekt for å finne avbøtande tiltak, når perlesnormaneten først var koma nær.  

mann i arbeidsklær med laks på brett foran seg
Angelico Madaro tek prøvar av oppdrettslaks etter eit manetåtak i anlegget på forskingsstasjonen til HI i Austevoll i november 2023. Foto: Christine Fagerbakke/HI 

JellySafe byggjer vidare på dette arbeidet og dei kunnskapane vi har opparbeidd – og prosjektet involverer breitt. 

Her skal alt frå ingeniørar, matematikarar og oseanografar til fiskehelseforskarar, dyreplankton-økologar og molekylærbiologar bidra. 

– Vi går ikkje laus på eitt enkelt spørsmål. Vi skal granske heile biletet, seier Tina Oldham og held fram:

–  Frå biologien til maneta og korleis ho vert påverka av biologiske drivkrefter, til korleis vi kan bruke all denne kunnskapen til utvikle strategiar og tiltak for å møte faren – og sikre at informasjonen når dei som treng han.