Gå til hovedinnhold

Svak oppgang i tilrådd seikvote for Nordsjøen


En stim av sei

Forskarane tilrår ei lita auke i kvoterådet for 2025 for sei i Nordsjøen. 

Fotograf: Erling Svensen / HI

Samstundes rår ICES om ein nedgang i tilrådd kvote for torsken.

Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) legg fredag fram sine kvoteråd for 2025 for botnfisk i Nordsjøen og områda rundt. 

Liten opptur for seien

ICES rår om at sei-fangstane ikkje bør overstige 79 071 tonn i 2025. Det er sju prosent høgare enn både kvoteråd og avtalt kvote for 2024. 

– For nokre år sidan var gytebestanden for sei på eit botnnivå,  men han krabbar seg litt oppover att, seier havforskar Bjarte Bogstad, som er HI sin representant i ICES.  

Fangstane i 2021 og 2022 var på kring 50 000 tonn, noko som var dei lågaste fangstane på over 50 år. For sei utgjer norsk fiske om lag halvparten av totalfangsten i Nordsjøen, medan for dei andre botnfiskbestandane i Nordsjøen er norsk andel mykje lågare.

Nedgang for Nordsjø-torsken

ICES tilrår at det ikkje vert fiska meir enn 19 321 tonn nordsjøtorsk i 2025. Det er 15 prosent lågare enn anbefalt kvote for 2024, og 29 prosent lågare enn avtalt kvote. 

Torsken i Nordsjøen er delt i tre underbestandar som gyter på separate felt: Nordvest, sør og «viking» (nordaust). Utanom gytinga om vinteren, blandar fisken seg og vert fanga om ein annan. 

– Rådet tek omsyn til den bestanden det står dårlegast til med, som er torsken i sørlege Nordsjøen. Han krev strengar vern enn dei andre bestandane, og trekker dimed ned totalrådet, forklarar Bogstad. 

Havforskaren peikar på at det for alle underbestandene i Nordsjøen var ei rekordlåg 2023-årsklasse.

Nedgang for hyse og lysing, auke for kviting, raudspette og breiflabb

Sei og torsk er dei viktigaste botnfiskbestandane for norsk fiskeri i Nordsjøen. I tillegg til desse, har ICES kome med kvoteråd for hyse, kviting, raudspette, lysing og breiflabb. 

For tre av bestandane er det ei auke i tilrådd kvote, og for dei to andre ein nedgang.

For hyse, rår forskarane om at fangstane ikkje bør overstige 112 435 tonn i 2025. Det er 25 prosent ned frå anbefalt kvote for 2024 og 6 prosent ned frå avtalt kvote. 

For lysing, tilrår ICES ei kvote på 52 466 tonn i 2025. Det er 28 prosent lågare enn tilrådd kvote for 2024. 

For kviting, rår forskarane om at fangstane ikkje bør overstige 237 008 tonn i 2025. Det er 85 prosent høgare enn tilrådd kvote for 2024, og 148 prosent opp frå avtalt kvote same år. Den store auken skuldast at referansepunkta er oppdatert etter ein metoderevisjon.

For raudspetta, tilrår også forskarane ei auka kvote. ICES rår om at fangstane i 2025 ikkje bør overstige 176 988 tonn, noko som er 14 prosent høgare enn tilrådd og avtalt kvote for i år.

For breiflabb, tilrår ICES at det ikkje vert fiska meir enn 31 346 tonn i 2025. Det er 217 prosent høgare enn tilrådd kvote for 2024. Dette kjem av ein metoderevisjon i 2024, som førte til ei betydeleg oppjustering av bestanden.