Gå til hovedinnhold

Rår om auka snøkrabbe-kvote


Mange snøkrabber som ligger oppå hverandre

Sidan 2018 har HI gjennomført årlege tokt for å kartlegge bestandstettleiken av snøkrabbe på norsk sokkel. 

Fotograf: Odd-Børre Humborstad / Havforskningsinstituttet

For snøkrabbe i Barentshavet aukar rådet med 2400 tonn for 2025.

Havforskingsinstituttet (HI) anbefaler at totalfangsten av snøkrabbe på norsk sokkel ikkje bør overstige 12 724 tonn i 2025. 

– Den endelege bestandsvurderinga syner at bestanden er i god forfatning, og høgare enn vi antok ved vurderinga i 2023. Vi kan derfor tilrå å heve kvoten, forklarar bestandsansvarleg Ann Merete Hjelset.

Kvoterådet for 2024 var 10 300 tonn. 

Kartleggingstokt

Sidan 2018 har HI gjennomført årlege tokt for å kartlegge bestandstettleiken av snøkrabbe på norsk sokkel. Tettleiken er størst i områda rundt Sentralbanken, i midten av Barentshavet, kor det kommersielle fisket på norsk sokkel også føregår.

– Årets data frå fiskeriet syner ein auke i fangsten, og snøkrabbetoktet, som vart gjennomført etter fisket var ferdig, synte ein liten nedgang i bestanden. Han er framleis i god stand før neste kvoteår, seier Hjelset.

Det er nokre kjelder til usikkerheit i snøkrabbe-reknestykka. Dei baserer seg på ein kort tidsserie av ein bestand i vekst. Samstundes vurderer ein ikkje bestanden på russisk sokkel, trass i at snøkrabbane kan vandre fram og tilbake.

Fiskepause og rotnetråd-råd

Havforskarane rår om at fredningsperioden frå 1. juli til 31. desember vert oppretthalde også i 2025. 

– Det er for å beskytte snøkrabbane under og etter skalskifte, fortel Hjelset og held fram:  

– Dette reduserer risikoen for å påføre snøkrabben skadar frå handtering i fiskeriet, og det sørgjer i tillegg for at fisket føregår i perioden når krabben er av beste kvalitet. 

I tillegg held HI fast ved tilrådinga om å innføre rømningshol med nedbrytbar tråd i krabbeteinene, for å unngå spøkselsefiske i tapte teiner.

Endeleg snøkrabbekvote for 2025 vert fastsett av Nærings- og fiskeridepartementet.