Gå til hovedinnhold

Lågaste makrell-rådet på over ti år


Makrellfangst på dekk

Illustrasjonsbilde frå tokt tilbake i 2020.

Fotograf: Leif Nøttestad / Havforskningsinstituttet

Den tilrådde kvota for makrell går ned med 22 prosent.

Måndag legg Det internasjonale havforskingsrådet ICES fram sine kvoteråd for norsk vårgytande sild (nvg-sild), kolmule, makrell og vestleg hestmakrell for 2025. 

For makrell rår havforskarane til den lågaste kvoten sidan 2013. 

ICES tilrår ei kvote på 576 958 tonn for makrell i 2025. Det er ein nedgang på 22 prosent samanlikna med rådet for 2024, og 40 prosent samanlikna med antatt fangst i 2024. 

– Gytebestanden er faretrugande nær føre-var-nivået. For å oppretthalde ein bestand som er berekraftig, må fisketrykket verte redusert, seier bestandsansvarleg Leif Nøttestad. 

Høg fiskedødelegheit

Tilbake i 2014 var gytebestanden hos makrell estimert til over 7 millionar tonn. I 2024 er den estimerte gytebestanden lågare enn 2,8 millionar tonn. 

Havforskaren peikar på at fiskedødelegheita hos makrell har auka kraftig  dei siste åra og er no langt over føre-var nivået (FMSY), samstundes som rekrutteringa har vore dårleg. 

– Under sommarens makrell- og økosystemtokt målte vi den minste utbreiinga og den lågaste tettleiken på makrell vi har sett i løpet av dei siste 15 åra, forklarar Nøttestad.

Manglande internasjonale avtalar og fiske over rådet er ei utfordring for både makrell, nvg-sild og kolmule. 

Svak oppgang for nvg-sild 

ICES tilrår at fangstane av norsk vårgytande sild ikkje må vere over 401 794 tonn. Det er ein oppgang på tre prosent samanlikna med rådet for 2024, og ti prosent lågare enn antatt fangst i 2024.

– Gytebestanden hos nvg-sild er så vidt under føre-var-nivået i 2024 og litt lågare i 2025, forklarar bestandsansvarleg Erling Kåre Stenevik. 

Han peikar på at utsiktene er litt lysare lenger fram i tid:

– To sterke årsklassar er på veg inn med 2021-årsklassen og 2022-årsklassen. Spesielt 2022-årsklassen ser lovande ut,  men denne årsklassen er ikkje gammal nok til å kome inn i gytebestanden i 2025. Men utsiktene er lysare vidare framover.

Svak nedgang for kolmule – opning for vestleg hestmakrell

For kolmulen er den tilrådde kvoten 1 447 054 tonn for 2025. Det er fem prosent lågare enn rådet for 2024, og 23 prosent lågare enn antatt fangst i 2024. 

For vestleg hestmakrell tilrår forskarane ei kvote på 75 545 tonn i 2025. Dei siste to åra har det vore gjeve råd om nullfangst for vestleg hestmakrell. Det har vore gjennomført metoderevisjon for vestleg hestmakrell i 2024. Her har blant anna referansepunkta vorte oppdaterte, og det har ført til at ICES no ikkje lenger tilrår nullfangst. Kvoterådet for 2025 er på nivå med dei gjevne i 2020, 2021 og 2022.