Gå til hovedinnhold

Dette fann forskarane på botnen av Noregs djupaste fjord


En kvinnelig forsker sitter i styrehuset på en båt og ser på en skjerm

Havforskar Heidi Meyer tok del i kartleggingane av Sognefjorden i 2023. Her frå kartlegginga. Ho studerer videostraumen frå undervassfarkosten og loggfører det ho ser. 

Fotograf: Maria Knagenhjelm / Statsforvaltaren i Vestland

Forskarane har kika i Sognefjorden. Der såg dei fire raudlista artar og fem naturtypar å merke seg.

– Det er relativt rikt dyreliv på botnen av Sognefjorden, men det er noko færre artar og dei er meir spreidde enn det vi ser i enkelte andre djupe fjordar, seier havforskar Tina Kutti.

Ho har leia kartleggingsarbeidet i fjorden. På oppdrag frå Statsforvaltaren i Vestland og i samband med oppretting av marine verneområde, har havforskarane kartlagt kva som lever kor i fjord-djupna.

No er resultata klare.

Fire raudlista korallar

Frå før var ein brøkdel av fjordbotnen og dyrelivet som gøymer seg i djupet kartlagt. Forskarane har kombinert eksisterande kunnskapar med funna frå den nye kartlegginga.

Samanstillinga syner funn av fire raudlista artar i Sognefjorden. Desse er:

  • Dvergsjøtre (Anthothela grandiflora)
  • Sjøtre (Paragorgia arborea)
  • Bambuskorall (Isidella lofotensis)
  • Kjøtkorall (Anthomastus grandiflorus)

Alle artane er korallar, og vart vurderte til «nært truga» i 2021.

– Kjøtkorallen var den vanlegaste. Han såg vi på 15 forskjellige plassar i fjorden, og nokre stadar stod dei tett i tett, med over 100 individ på ei 200 meter lang strekning, seier Barbro Taraldset Haugland. Ho har arbeidd med å registrere artane frå videofilmane som vart samla inn i kartlegginga.

Kollasj som viser fire koralltyper. De ser alle ut som små busker
Dette er illustrasjonbileter av dei fire raudlista korallane. Øverste linje: bambuskorall (t.v.) og Paragorgia arborea. Nedste linje: Anthothela grandiflora (t.v.) og Anthomastus grandiflorus. Foto: Mareano, EAF-Nansen / Havforskingsinstituttet

Terskelen peikar seg ut som ein tydeleg hotspot for raudlista artar, endå både kjøtkorall og bambuskorall også vart funne lenger inn i fjorden.

– Langs terskelen vert det plutseleg bratt. Her er det mykje straum, og det ein gunstig stad å plassere seg for organismar som fangar maten sin idet han flyt forbi.

Her kan du lese om kartleggingsarbeidet som pågjekk i 2023.

Kosmopolittane

Forskarane såg aller flest sylindersjøroser i Sognefjorden, men også sjøfjær som byggjer tette samfunn på blautbotn er karakteristisk for fjorden. Anemonar prega på si side dei harde fjellveggane, og vifteforma svampar dominerte i svampsamfunn.

– Fjorden har også nokre tilsynelatande kosmopolittar. Artar som ser ut til å dukke opp på fleire typar botn, anten det er grunt eller djupt i både indre eller ytre del av fjorden, seier Haugland.

Ein slik kosmopolitt er til dømes trollhummaren og fleire ulike sjøpølser.

Fem forskjellige forvaltingsrelevante naturtypar

Vidare fann havforskarane fem ulike typar forvaltningsrelevante naturtypar.

Den einaste naturtypen forskarane observerte, som òg står i fare for å gå tapt, er hardbotnskorallskog. Denne står både på Norsk raudliste for naturtypar og på ICES si sårbarheitsliste.

– Desse held til på dei loddrette fjellveggane i ytre deler av fjorden, og vert bygde av hornkorallar som sjøtre, dvergsjøtre og risengrynskorall med innblanding av anemonar og viftesvampar.

Tre av desse naturtypane er ikkje raudlista i Noreg, men er inkluderte på det internasjonale havforskingsrådet (ICES) si liste over sårbare marine økosystem:

  • Sjøfjærbotn – flekkvis fordelt på mudderbotn over heile fjorden.
  • Svamphagar – flekkvis fordelt på hardbotn langs heile fjorden, på djup mellom 200 og 600 meter.
  • Sylindersjørose-botn (Cerianthide-botn) – flekkvis på mudderbotn, spesielt i dei sentrale og indre delane av fjorden
Nærbilde av arten hanefot. Åtte taggete tentakler strekker seg i en krans
Hanefot (Kophobelemnon stelliferum) var den vanlegste sjøfjærarten i Sognefjorden, medan svamphagane var stort sett var bygde av dei vifteforma slektene Phakellia og Axinella. Dette er  eit illustrasjonsfoto av hanefot.
Foto: Erling Svensen / HI

Vidare observerte forskarane naturtypen reirskjel på fjell. Arten vert ikkje rekna som truga, men er likevel forvaltningsrelevant fordi han spelar ei viktig rolle i fjordøkosystemet.

– Reirskjel byggjer eit slags reir sett saman av mange skjel. Desse filtrerer vatnet, og har såleis ein viktig funksjon i nitrogen- og karbonsyklusen i fjordar, forklarar Kutti.