I JellySafe granskar forskarane perlesnormaneta og hennar konsekvensar - frå A til Å.
Fotograf: Tina Oldham / Havforskingsinstituttet, Erling Svensen / HavforskingsinstituttetPublisert: 07.04.2025
– Neslecellene kan berre verte fyrte av éin gong. Brenner dei opp krutet, vert dei relativt harmlause, seier havforskar Tina Oldham.
HI-forskaren leier JellySafe, prosjektet som granskar perlesnormaneta og hennar konsekvensar frå A til Å. I 2023 førte maneta truleg til at 3 millionar oppdrettsfisk døydde, og i 2024 skapte ho trøbbel i nord.
Korleis kan ein ta knekken på manet-skrekken?
No har forskarane heilt ferske resultat.
Første steg er å kjenne sin motstandar.
Havforskarane veit at dei har med ein kolonimanet i slekta Apolemia å gjere, men ikkje kva art – eller kor ho kjem frå. Difor vert taksonomien til maneta opparbeidd på nytt og kvar vesle detalj skildra.
Alle individa – på fint kalla zooid – i kolonien har sine eigne oppgåver: nokre skaffar mat, andre beskyttar «flokken».
I ein perlesnormanet-koloni har alle individa nesleceller, har forskarane funne ut. Nesleceller inneheld gift, er eit effektivt jaktvåpen.
Kor mange og kva type varierer, men blant dei mange små individa er det nokre som svir ekstra frå seg: dei raude.
– Desse er stappa fulle av nesleceller.
Men kvar neslecelle kan berre vert utløyst ein gong, og så er tanken tom. I ei rekkje eksperiment har havforskarane difor undersøkt om dei kan aktivere neslecellene og dimed ufarleggjere dei.
Forskarane sjekka først om handtering åleine gjer at neslecellene vert trigga. Svaret på dette: nei, knapt eit einaste «skot» som fyrte av hos maneta.
Forskarane har studert reaksjonane til små perlesnormanet-individ i mikroskop.
– Då vi tilsette ein drope etanol hende ting raskt, seier Oldham.
Forskjellane mellom før og etter-bileta er store.
– Alle desse kvite trådane her er utløyste nesleceller. Dei vart både aktiverte og utløyste fort, forklarar forskaren.
Etanol aktiverte det ytste laget med nesleceller. Men desse raude manetindivida er sett saman av fleire lag med nesleceller:
– Idet det første laget er brukt opp, så er det neste klart til å svi. For avbøtingstiltak er dette viktig. Då må vi utløyse fleire lag på same tid, viss ikkje er skade-risikoen der framleis.
I neste eksperiment er trigger-effekten derimot svak til moderat. Å utsette maneta for ferskvatn fører ikkje til noko kjapp utløysing, viser det seg.
– Ei og anna neslecelle vart utløyst, men ikkje meir, seier Oldham. – Men vi såg noko anna spennande: manetvevet byrja raskt å gå i oppløysing.
Etter fem minutt i ferskvatn, vart konturane til maneta meir og meir utydelege. Ho seig utover og små fragment flaut frå kvarandre.
Det naturlege neste spørsmålet er då: kan neslecellene framleis brenne om maneta har gått opp i saumane?
Difor vart nok ein mini-koloni først utsett for ferskvatn, og så tilsett etanol – for å sjå om neslecellene endå var aktive.
– Resultatet synte at nokre nesleceller hadde vorte deaktiverte av ferskvassbadet, men ikkje alle: dei fungerer framleis.
Liknande resultat fekk forskarane også då dei undersøkte kva som hende om perlesnormaneta – som i hovudsak består av vatn – vert tørka ut.
Dersom perlesnormanetene først trenger inn i ein merd, lyt ein kvitte seg med alle nøtene i etterkant eller finst det ein måte å få brukt dei oppatt?
Forskarane let manet-individ tørke ut, før dei vart rehydrerte.
– Tørking fører til at manetene byrjar å gå i oppløysing. Brorparten av neslecellene sluttar å fungere, men ikkje absolutt alle.
Det siste trigger-forsøket, var å bruke elektrisitet. Små fragment av maneta vart plassert i eit lite kar, med ei straumførande metallplate langs eine sida.
Forskarane gav manetene rett og slett støyt.
– Og det var ein massiv respons. Eit stort tal nesleceller vart trigga av eit enkeltstøyt, seier prosjektleiaren.
Kvart raude manetindivid har fleire lag med nesleceller, og for kvar støyt fyrte fleire og fleire av. Forsøka synte at di høgare styrke på støyta, di fleire nesleceller vert aktivert.
– Med eit sterkt nok støyt vil alle neslecellene verte fyrte av. I tillegg startar maneta å gå i oppløysing, akkurat som ho gjorde i ferskvatn, seier Oldham.
Resultata er lovande – elektrisitet er ein effektiv trigger, men:
– Straumen må vere kraftig nok til at alle laga med nesleceller i dei raude individa vert fyrte av på same tid. I tillegg er elektrisiteten målretta – den treffer berre vevet som er plassert direkte mellom dei to elektrodane.
– Om straumen er for svak eller maneta er utanfor den elektriske rekkevidda, så vert ikkje neslecellene utløyst.
Havforskarane har også undersøkt om det er mogeleg å unngå problemet: kan dei stenge maneta ute ved hjelp av nylon-dukar?
– Perlesnormaneta består av mange mindre individ. Desse sit saman i små grupper som vert kalla cormidia, forklarar Oldham.
Nylon-dukane varierte i maskevidder frå 25 µm til 1000 µm. Ein etter ein undersøkte forskarane om maskene klarte å stogge dei knøttsmå manetene.
– Dei tettaste maskene frå 25, 50 og 100 µm fanga alle manet-fragmenta. Og berre eit av dei raude zooida sleppte gjennom for 200, 300 og 400 µm, seier Oldham.
– Med dei større maskene gjekk nokre av manetene i fullstendig oppløysing, og det kan faktisk valde større skade.
Sjølv ei einskild neslecelle kan svi. Om ein barriere smadrar maneta i småbitar, er det berre enklare for delane å trenger inn i merden.
– Resultata syner at ingen av maskeviddene ein realistisk sett kan bruke, kjem til å halde individuelle nesleceller ute, men maskevidder opp til 400 µm vil halde dei fleste manetene på utsida.
Den siste testen i rekka er korleis maneta reagerer på ulike saltnivå i vatnet.
Levande perlesnormaneter vert sleppt i eit sylinder som rommar 500 milliliter vatn i to lag med ulik salthaldigheit – saltvatn i botnen, og anten ferskvatn eller brakkvatn over.
Forskaren registrerte både kor maneta hamna i det ho vart sleppt, og kor ho var etter ti minutt.
– Maneta fell som ein stein rett gjennom brakkvasslaget, før det stabiliserer seg, seier forskaren.
– Denne responsen er viktig. Mange oppdrettarar brukar barrierar rundt merdane for å beskytte fisken. Men har ein har eit brakkvasslag, kjem perlesnormaneta berre til å søkke under det.
Resultata viste at fragmenta stabiliserte seg i vassøyla innan fem minutt. I snitt heldt manetene seg i 33,7 ‰
Brakkvatn er med andre ord ikkje Apolemia sitt favorittmiljø, men er det skadeleg for ho?
Oldham delte ein koloni opp i 18 mindre, men jamstore, deler. Desse vart plasserte i seks petriskåler med vatn med ulike saltnivå.
I løpet av dei neste fire timane logga forskaren overlevinga i desse mikromiljøa.
– Etter ti minutt var alle manetene i vatn med 0 og 20 ‰ daude. Og daud betyr her at dei ikkje rørte seg verken når ein forstyrra petriskåla eller når ein pirka direkte bort i maneta, forklarar Oldham.