Gå til hovedinnhold

Foreløpig avgrensa effekt av torskerømminga i Voldsfjorden


Kolasj av tre bilder: ett med fiskeegg der en kan se eggene på ulike utviklingsnivå, ett der det henger en egghov utenfor båten mens en person spyler den og ett bilde av en mann som sitter i en liten båt.

Bildet til venstre viser en eggprøve. Eggene er på ulike utviklingsnivå. For å bestemme art må det brukes DNA. Øverste bildet til høyre viser hoven som brukes når det blir tatt eggprøver.

Fotograf: Terje van der Meeren / Anders Jacobsen / Havforskningsinstituttet

Det viser DNA-analysar av torsk og fiskeegg frå områda rundt oppdrettsanlegget.

Fjorden har blitt overvaka sidan 2022 då 87 000 oppdrettstorsk rømte frå eit oppdrettsanlegg i Voldsfjorden.  

No er resultata klare. 

– Vi har undersøkt torsk frå området gjennom to vintersesongar, i 2022/23 og 2023/24. I sistnemnde vart det og samla inn egg i gytesesongen. Totalt fekk vi prøvar av 392 torsk og fann 562 fiskeegg som hadde same størrelse som torskeegg, seier havforskar Terje van der Meeren.  

For å finne ut om torsken var rømlingar frå oppdrettsanlegga, og om egga stamma frå dei same rømlingane, tok forskarane i bruk DNA-analysar. 

– Vinteren 2022/23 viste DNA-analysane at vi hadde samla inn 87 oppdrettstorsk og 95 villtorsk. Dei fleste oppdrettstorskane dette året vart fanga i nærleiken av anlegget dei hadde rømt frå. 

Venta på at rømlingane skulle bli kjønnsmodne 

Det blei ikkje gjort egg-undersøkingar det første året. 

– Fisken som rømte var berre 600 gram i snittvekt. Vi vurderte at det var lite truleg at så liten torsk var kjønnsmoden, dermed var det heller ikkje nødvendig med eggundersøking, seier forskaren. 

Vinteren etter, 2023/24, var fangstinnsatsen etter vaksen fisk noko lågare.  

– Det blei totalt fanga 50 torsk som vi kunne bestemma opphav til, av desse var fem oppdrettsfisk.  

Denne sesongen blei det også samla inn fiskeegg for å sjå om rømlingane hadde klart å gyte. 

Fann berre eit egg frå oppdrettstorsk 

Fleire fiskeartar gyt samtidig med torsk, og mange av dei har egg på omtrent same størrelse.  

– Totalt blei det samla inn 562 fiskeegg med riktig størrelse. For å identifisere torskeegga, brukte vi DNA-analysar, seier van der Meeren.  

Resultata viste at 233 av egga var frå torsk, og berre eit av desse stamma frå oppdrettstorsk.

Samansett årsak hindra genetisk påverknad 

– Så langt ser det dermed ut som om det ikkje har skjedd stor genetisk påverknad på villfisken som følge av denne rømminga, seier van der Meeren.  

Årsaka til det er samansett: 

– Det kan sjå ut som om der har vore høg dødelegheit hos dei rømte torskane, og dei kan i tillegg ha spreidd seg over eit større område enn det vi undersøkte.  

Han trekk også fram at egg gytt av rømt oppdrettstorsk truleg har blitt spreidd utover slik at det er vanskeleg å finne dei i ei slik avgrensa undersøking som forskarane gjorde i dette området.  

Genetisk påverknad frå oppdrettsfisk til villfisk oppstår først dersom oppdrettstorsk gyt saman med villtorsk i noko omfang, då får avkommet ein miks av genar frå begge foreldra – og dermed også “oppdrettsgen”. 

Oppdrettstorsken kan framleis “dukke opp” igjen 

I tilfellet med rømminga i Voldsfjorden, har forskarane fleire atterhald om resultata. 

– Det er funne rømt torsk meir enn eit år etter rømminga, og vi kan ikkje utelukka at det vil “dukke opp” rømt torsk både i år og seinare, og at desse kan gyte saman med villfisken, seier han.  

– Når oppdrettstorsk rømmer, må den lære seg å fange mat sjølv, dermed kan det vere at den brukar lenger tid enn vanleg før den har vokse så mykje at den blir kjønnsmoden. 

Også når det gjeld sjølve egginnsamlinga tar forskaren eit atterhald: 

– Denne undersøkinga blei berre gjort over ein kort periode i mars, medan torsk har ein lengre gytesyklus med ein topp i gytinga. Start på gytesyklusen kan variere mellom ulike lokale bestandar, og hos torsken i og rundt Voldsfjorden er ikkje dette kartlagt. 

Også avlen som oppdrettstorsken har vert gjennom, gjer det vanskelegare for forskarane når dei skal undersøke effektane av ei slik rømming. 

– Den genetiske seleksjonen som oppdrettstorsken har vert gjennom, gjer at det ikkje er kjent om den vil gyte samtidig med den lokale villfisken, eller om den gyt før eller seinare, seier Terje van der Meeren. 

Referanse 

Kevin Glover, Maria Quintela Sanchez, Terje van der Meeren, Alejandro Mateos Rivera, Anne Grete Eide Sørvik og Elisabeth Stöger. Genetisk identifikasjon av torsk og torskeegg etter en rømmingshendelse i Voldsfjorden i 2022. Rapport fra havforskningen 2025-24.