Gå til hovedinnhold

Nye perlesnormanet-resultat: Slik utviklar brannskadane seg på fisken


Kollasj som viser en perlesnormanet i havet på den ene siden, og på den andre siden er tre mindre bilder som viser utsnittet av et fiskehode, med brannskader; to havforskere som tar prøver av en fisk og at en fisk sine gjeller blir undersøkt.

Forskarane har undersøkt korleis perlesnormaneta påverkar fisk i eit kontrollert forsøk over to veker. 

Fotograf: Erling Svensen / Havforskingsinstituttet, Havforskingsinstuttet

Om oppdrettslaks får ei perlesnormanet midt i fleisen, kan skadane utvikle seg til store innsøkk i vevet.  

– Hovudskadane vert synlege raskt, og kan vere eit tidleg teikn på at det har vore perlesnormanet-innsig. Sjølv om det ikkje ser alvorlege ut i starten, så vil skadane då verte verre og verre, seier havforskar Tina Oldham. 

Ho leier perlesnormanet-prosjektet JellySafe.

På forskingsstasjonen vår på Matre har forskarane undersøkt korleis fisken vert påverka av perlesnormanet. 

Forsøket

Havforskarane har gjennomført ein eksponeringsstudie med laks på 150 gram, som vert haldne i naturlege omstende: vatnet held 10 grader, salthaldigheita er 35,6 ‰ og fisken får naturleg lys. 

Kvar fisk er merkt. 150 fisk er fordelt i fem test-grupper. 

Dei fem test-gruppene vart utsett for ulike manet-eksponering: 

  • Første gruppa vart berre eksponert på kroppen
  • Andre gruppa vart eksponert på hovudet og gjellene
  • Tredje gruppa vart eksponert på kroppen, hovudet og gjellene
  • Fjerde gruppa vart eksponert på kroppen, hovudet og gjellene, men maneta dei vart eksponert for var behandla med elektrisitet 
  • Femte gruppa var ei kontrollgruppe, der fisken vart utsett for same handtering som dei øvrige gruppene, men ikkje eksponert for Apolemia 

Ei gruppe vart eksponert for perlesnormanet som er behandla med elektrisitet. Andre forsøk i JellySafe har nemleg synt at kvar neslecelle berre fyre av ein gong – og elektrisitet kan utløyse desse

Forskarane tok så prøver av fisken i løpet av dei neste to vekene. 

To dagar etter eksponering: Teikn til tidleg varsel

– Om du ser ein slik fisk, tenker ein gjerne at det er misfarging på hovudet, seier Oldham. 

Skadar på fisk to dagar etter eksponering
Skadar observerte to dagar etter fisken vart utsett for perlesnormanet.
Foto: Tina Oldham / HI

To dagar etter fisken først vart eksponert for perlesnormanet ser forskarane synlege merkjer på fisken, men desse ser ikkje alvorleg ut. Nokre område i skinnet ser bleikare ut enn vanleg, og hovudet er mest sensitivt.

– I gruppe to og tre hadde om lag 60 prosent tydelege merker på hovudet. Men ingen i elektrisitet-gruppa, seier havforskaren. 

Resultata etter to dagar:

Gruppe

Kroppsskade

Hovudskade

Gjelleskade

1: Berre eksponert på kroppen

13 prosent

0 prosent

0 prosent

2: Eksponert på hovud og gjeller

0 prosent

59 prosent

7 prosent

3: Eksponert på kropp, hovud og gjeller

20 prosent

60 prosent

7 prosent

4: Eksponert for elektrisitet-behandla Apolemia på kropp, hovud og gjeller

0 prosent

0 prosent

3 prosent

5: Kontrollgruppe

0 prosent

3 prosent

0 prosent

 

Sju dagar etter eksponering: Alvoret vert synleg

Ei veke etter nærkontakt med maneta, byrja alvoret å verte tydeleg. 

– Skadeomfanget har auka. Skadane har begynte å verte tydelege på kroppen og gjellene, forklarar Oldham.

Kollasj som viser skadar perlesnormanet har påført fisk.
Skadar observerte sju dagar etter fisken vart utsett for perlesnormanet.
Foto: Tina Oldham / HI

– Merkene på hovudet til fisken varierer. Nokre plassar er det mørkare område, andre gongar igjen er skinnet meir bleika slik at det ser nesten gjennomsiktig ut.

Framleis er det ingen synlege skadar på fisk frå elektrisitet-gruppa.  

Resultata etter sju dagar:

Gruppe

Kroppsskade

Hovudskade

Gjelleskade

1: Berre eksponert på kroppen

35 prosent

0 prosent

15 prosent

2: Eksponert på hovud og gjeller

0 prosent

47 prosent

32 prosent

3: Eksponert på kropp, hovud og gjeller

45 prosent

55 prosent

30 prosent

4: Eksponert for elektrisitet-behandla Apolemia på kropp, hovud og gjeller

0 prosent

0 prosent

15 prosent

5: Kontrollgruppe

0 prosent

0 prosent

4 prosent

 

14 dagar etter eksponering: Stadig forverring

To veker etter eksponering forverrar skadane seg framleis frå dag til dag.

– Fisken har ikkje opne sår på hovudet, men små søkk. Det er nesten som om vevet vert brote ned frå innsida, seier prosjektleiaren.

Skadane på kroppen til fisken har vorte opne sår, ikkje ulikt vintersår.

– Og gjelletilstanden er generelt dårlegare i alle grupper, men verst hos fisken i gruppe tre og fire, dei to som i størst omfang vart eksponert for den ubehandla perlesnormaneta.

Fire bilder som viser hvordan brannskader fra perlesnormanet ser ut på oppdrettsfisk etter to uker.
Slik såg skadar ut, to veker etter eksponering. 
Foto: Tina Oldham / HI 

Forskarane har også utført histologi og teke PCR-prøver jamt i eksperimentet for å undersøke kva det er som hender med gjellene. Desse resultata er ikkje klare endå.

Resultata frå fisken som vart eksponert for den støyt-behandla maneta, er nokolunde på linje med resultata frå kontrollgruppa.

Resultata etter 14 dagar:

Gruppe

Kroppsskade

Hovudskade

Gjelleskade

1: Berre eksponert på kroppen

50 prosent

0 prosent

20 prosent

2: Eksponert på hovud og gjeller

0 prosent

67 prosent

56 prosent

3: Eksponert på kropp, hovud og gjeller

10 prosent

80 prosent

50 prosent

4: Eksponert for elektrisitet-behandla Apolemia på kropp, hovud og gjeller

0 prosent

10 prosent

30 prosent

5: Kontrollgruppe

 

7 prosent

0 prosent

20 prosent

 

Straum hjelpte

Etter to veker, vert forsøket i Matre avslutta. Skadane vart gradvis verre gjennom heile perioden.

– Det ser ut som om dei raude individa er dei som fører til størst skade. Vi såg gjentekne gongar at desse hengde fast i skjela til fisken, seier Oldham.

Hovudet er sårbart, og viser teikn på skader allereie to dagar etter eksponering.

– På kroppen til fisken utviklar skadane seg frå at skjela var påverka til opne sår. Hovudskadane utviklar seg frå misfarging til innsøkk i fisken, seier Oldham.

Samme fisken med to veker mellomrom. Et stripe på hovudet har vorte til ei fure
Dette er ein fisk to dagar etter eksponering, og same fisk to veker etter eksponering. Det som først var ei misfarging på hovudet, har vorte meir ei grop. 
Foto: Tina Oldham / HI

Å gje maneta elektriske støyt før eksponering førte til mindre skadar på fisken.

– At noko er ein vellukka strategi i kontrollerte eksperiment i eit laboratorium, betyr ikkje at det kjem til å vere ein vellukka strategi i verkelegheita. Men desse resultata er lovande og viser at innsatsen ber frukter.

Om prosjektet:

JellySafe vert leia av Havforskningsinstituttet. Partnarar i prosjektet er Sintef Ocean, NIVA, NCE Aquaculture, Universitetet i Bergen (UiB), Åkerblå, Patogen og Akvaplan-niva.

Prosjektet er finansiert av Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfinansiering.

Les meir på prosjektsida: https://www.fhf.no/prosjekter/prosjektbasen/901941/