Barentshavet vert varmare, og samspelet i havet er i endring.
Fotograf: Monika Sæle, Erling Svensen, Leif Nøttestad / HavforskingsinstituttetPublisert: 17.03.2025
Barentshavet vert stadig meir «atlantifisert». Vatnet vert varmare, isen trekker seg tilbake og dermed går planteplanktonproduksjonen opp – «graset» vert rett og slett grønare på denne sida.
Det betyr at område som før var ugjestmilde for lodda, vert meir og meir freistande. Lodda kan finne måltid lenger nord enn før.
– For polartorsken er den motsette effekten venta. Han er avhengig av isen, og boltreplassane hans skrumpar inn, forklarar havforskar Padmini Dalpadado.
Begge artane har sentrale roller i økosystem i Barentshavet – dei står høgt på menyen hos torsken.
Og dette finjusterte samspelet er i endring.
Havforskarane har granska årsakene til at det over fleire år er mindre dyreplankton i Barentshavet.
Ved hjelp av dataseriar som strekker seg over fleire tiår, har forskarane undersøkt korleis matvanane til lodda og polartorsken varierer etter kvart som dei veks opp og korleis klimaendringane spelar inn.
– Mykje lodde fører til lite dyreplankton. Studien vår stadfestar at beitetrykket frå lodda er ein av nøkkelfaktorane som regulerer kor mykje dyreplankton det er i Barentshavet, seier havforskaren.
Samtidig er det ikkje appetitten til lodda åleine som påverkar dyreplanktonmengda i havområdet. Også vasstilførsla spelar inn.
Atlantiske vassmassar strøymer frå Norskehavet til Barentshavet, og om våren og sommaren tek desse med seg plankton og fiskelarvar nordover.
– Denne transporten av meir varmekjære artar er viktig for å oppretthalde biodiversiteten og produksjonen i Barentshavet, forklarar havforskaren.
Men denne tilførsla har minka kraftig frå 2016 til 2022.
– Samtidig som denne vasstilstrøyminga går ned, ser vi at også mengda mellomstore dyreplankton er redusert i denne perioden. Denne gruppa er dominert av dei vaksne Calanus-artane, som raudåte.
Denne endringa ser forskarane også att i fiskemagen.
Økosystemtoktet i Barentshavet har gjort det mogeleg for havforskarane å studere dietten til lodde og polartorsk over mange år. Havforskarane kan difor sjå korleis matvanane deira endrar seg etter kvart som fisken veks – og kva «livretten» er.
– Studien vår viser at det er nettopp på dei mellomstore dyreplanktona både lodda og polartorsken beitar mest, seier Dalpadado og held fram:
– At det har vorte mindre av desse er assosiert med mindre fulle loddemagar, noko som igjen korresponderer med lågare vekst i lodde frå 1-åring til 2-åring.
Det er venta at miljøendringar for dyreplankton grunna varmare og varierande innstrøyming vil endre matvilkåra og veksten for fisk som et plankton. Dette vil igjen påverke næringsnettet – det komplekse kven-et-kven-samspelet – i økosystemet.
Den korte og effektive energioverføringa frå planteplankton til dyreplankton til lodde og til torsk, er det som gjer at nokre av verdas største fiskebestandar held til i Barentshavet.
– Den låge biomassen av mellomstore dyreplankton som vi har sett i seinare år, fører til ei viss uro for kva mattilgang desse artane som er høgare oppe i næringsnettet nivåa no opplever.