Gå til hovedinnhold

Ålegrasenger og andre undervassenger


ålegraseng

Ålegraseng. Frå Havforskningsrapporten 2011, side 51.

Fotograf: Øystein Paulsen / Havforskingsinstituttet

Ålegrasenger og andre sjøgrasområde er svært produktive og blir rekna som viktige marine økosystem på verdsbasis. Fleire av planteartane blir sett på som nasjonalt sjeldne.

Undervassenger omfattar grunne område, vanlegvis ned til 2–5 meters djupne (men kan også vekse djupare). Finst spesielt i grunne sund og beskytta, langgrunne bukter og tidevassoner med meir eller mindre påverknad frå brakkvatn, og blir karakterisert av eit fåtal karplanter. Ålegras er ein av svært få marine blomsterplanter. I Noreg finst det to arter ålegras, vanleg ålegras (Zostera marina) og dvergålegras (Zostera noltii). Ålegras veks på sand- eller mudderbotn i grunne område, der det kan danne store undervassenger. Naturtypen er vanlegast i beskytta og middels eksponerte område. Ålegras skil seg ut frå makroalgar (tang og tare) ved at dei har eit rotsystem i botnsedimentet som blir nytta for næringsopptak og for å halde planten fast. Havgras og tjønnaks kan danne tilsvarande undervassenger i brakkvassområde.

Undervassenger er ofte viktige næringssøkområde for sjeldne fuglearter. Ålegras bind sediment og reduserer erosjonen, og er derfor viktige for stabiliteten i gruntvassområda. Ålegrasenger kan fungere som skjulestad for fisk og andre organismar på stader det elles ville vore open blautbotn, og vil i tillegg innehalde ei mengd organismar som er mat for fiskeyngel. Denne økologiske funksjonen gjer at ålegras kan fungere som viktige ressursområde som oppvekst- og beiteområde for fisk.

Truslar/sårbarheit

Fysiske inngrep som utfyllingar i strandsona, mudring og drenering, er i tillegg til eutrofiering dei viktigaste truslane. Ved eutrofiering aukar mengda påvekstalgar som blant anna kan gi reduserte lysforhold for ålegraset.

Referansar:

Kartlegging av marine naturtypar:

https://www.miljodirektoratet.no/publikasjoner/publikasjoner-fra-dirnat/dn-handboker/kartlegging-av-marint-biologisk-mangfold/.

Verdisettingskriterier: https://niva.brage.unit.no/niva-xmlui/handle/11250/2646391